Skriv ut med undersider

Arkitektur i Statsbygg

Arkitektur omfattar i vid forstand dei menneskeskapte omgivnadene. Det handlar om bygg og anlegg, interiør, uterom og landskap; det er enkeltbygg i samspel, og det er heilskapen i byar og tettstader.

Statsbygg er staten sin byggherre, eigedomsutviklar og forvaltar. Vi har ansvaret for nokre av dei mest komplekse byggjeprosjekta i landet som fengsel, tinghus, museum, høgskolar og barnevernsinstitusjonar. Å utvikle slike bygg stiller høge krav til fagleg kunnskap på mange plan. Denne kompetansen har Statsbygg, noko som først og fremst er spegla i flotte arkitektoniske bygg, men også gjennom ei rekkje bransjeprisar.

Alle prosjekt Statsbygg er involvert i, skal kjenneteiknast av høg arkitektonisk kvalitet med stor bruksverdi og god areal- og kostnadseffektivitet.

Arkitektar som vi nyttar, blir nøye valde ut gjennom offentlege konkurransar, der kvalitet på tenestene, dokumentert kompetanse og evne til å gjennomføre står sentralt. På den måten bidreg vi til at staten oppnår visjonen sin for arkitekturpolitikken:

«God arkitektur skal bidra til høy livskvalitet, og gi attraktive, funksjonelle og universelt utformede byggverk og omgivelser. God arkitektur skal uttrykke felles kultur og identitet. Arkitekturen skal bidra til velferd, bærekraft og verdiskaping, og inspirere til å bevare og berike.» (Frå arkitektur.nå - Norsk arkitekturpolitikk, Kultur- og kyrkjedepartementet, 2009)

Statsbyggs satsing på arkitektur skaper bygg som speglar samtida – og som blir ein del av kulturminna i framtida.

Hege Maria Eriksson
Direktør
Mob. 92445089
Send e-post

Nyhetsabonnement


Fyll ut feltene nedenfor så vil du fortløpende motta e-poster med aktuelle nyheter fra Statsbygg.

Felt med * må fylles ut. Les om personvern ved bruk av e-postadresser.

.

Ønsker du å avslutte ditt abonnement?
×