Skriv ut med undersider

Norsk arkitekturpolitikk

Nye utfordringar for bygningar, byar og tettstader, mellom anna som følgje av klimaendringar og folkevekst, har auka behovet for ein heilskapleg norsk arkitekturpolitikk. 

I 2009 blei det første gongen gitt ut eit større arkitekturpolitisk dokument, som beskriv hovudutfordringane innanfor arkitekturfeltet og kva innsatsområde regjeringa vil prioritere. Heile 13 departement stod bak dokumentet som fekk namnet «Arkitektur.nå».

Målet med arkitekturpolitikken

Målet for den statlege arkitekturpolitikken er at han skal bidra til god koordinering og samarbeid på tvers av forvaltningsgrenser, slik at den samla innsatsen blir styrkt og effektivisert. «arkitektur.nå», som framleis er eit førande dokument, skal bidra til å styrkje kvaliteten på og medvitet om arkitekturen og dei fysiske omgivnadene våre.

Med bakgrunn i «arkitektur.nå» har offentlege styresmakter jamlege drøftingar med fagfeltet. Det blir mellom anna arrangert arkitekturfaglege konferansar, der målet er å vurdere status, diskutere strategiar og inspirere til vidare arbeid innanfor arkitekturfeltet.

Hege Maria Eriksson
Fung. direktør Rådgivning og tidligfase
Mob. 92445089
Send e-post

Nyhetsabonnement


Fyll ut feltene nedenfor så vil du fortløpende motta e-poster med aktuelle nyheter fra Statsbygg.

Felt med * må fylles ut. Les om personvern ved bruk av e-postadresser.

.

Ønsker du å avslutte ditt abonnement?
×