Skriv ut med undersider

Kulturminnevern i Statsbygg

Statsbygg forvaltar ei rekkje statlege bygg med høg kulturhistorisk verdi. Nokre er velkjende, som Slottet og Håkonshallen, mens andre er mindre kjende.

Dei fleste av Statsbyggs verneverdige bygningar er i dagleg bruk. Dette stiller høge krav til forvaltninga. Den kulturhistoriske verdien til bygga skal takast vare på, samtidig som leigetakarar skal sikrast gode arbeidsforhold og lokale som tilfredsstiller krava i dag til arbeidsmiljø og funksjonalitet. Når verneverdige bygg skal rehabiliterast, utviklast eller byggjast på, må det skje på ein mest mogleg skånsam måte.

For å ta vare på dei kulturhistoriske bygga er det laga landsverneplanar og forvaltningsplanar. Førstnemnde gir ei oversikt over verneverdige eigedommar. Desse er kartlagde og valde ut av Statsbygg i samråd med Riksantikvaren. Forvaltningsplanane fortel korleis kvart enkelt bygg skal forvaltast på ein forsvarleg og god måte.

Kulturminna våre bidreg i samfunnet

Statsbygg bidreg til å halde ved like tradisjonshandverk gjennom vedlikehald av over 450 verna bygningar og gjennom leiing av restaureringsprosjekt for eigne leigetakarar og andre statlege verksemder. Fleire av eigedommane har dessutan ein attraksjonsverdi som bidreg til turisme, som Eidsvollsbygningen og Bergskrivergården på Røros.

Nyhetsabonnement


Fyll ut feltene nedenfor så vil du fortløpende motta e-poster med aktuelle nyheter fra Statsbygg.

Felt med * må fylles ut. Les om personvern ved bruk av e-postadresser.

.

Ønsker du å avslutte ditt abonnement?
×