Skriv ut med undersider

Universell utforming i Statsbygg

Universell utforming handlar om å skape eit meir inkluderande samfunn. Regjeringa har sett som mål at alle nye og eksisterande bygg, anlegg og uteområde, retta mot ålmenta, skal vere universelt utforma innan 2025 

Universell utforming betyr at byggverk og uteareal skal utformast, så langt det er mogleg, på ein slik måte at dei kan brukast av alle menneske.

Handlingsplan for universell utforming

Statsbygg har som overordna mål at alle byggjeprosjekt skal vere i samsvar med prinsippa om universell utforming, og at alle bygga vi forvaltar, skal vere universelt utforma innan år 2025. For å nå dette målet har vi laga ein handlingsplan. Handlingsplanen for 2017-2021 tek omsyn til både samfunnsinteresser, økonomiske forpliktingar og kunnskapsutfordringar på feltet.

I ein del tilfelle kjem målet om universell utforming i konflikt med andre omsyn. Det kan mellom anna vere vanskeleg å oppnå universell utforming i verneverdige bygg. Innanfor bygningsmassen vil det derfor vere nokre bygg, eller delar av bygg, der det ikkje er mogleg å fullt ut leggje til rette for alle.

Statsbygg har nettopp vedteke ein handlingsplan for 2017-2021 (sjå høgre marg). 

Bygg for alle

Statsbygg har dei seinare åra gjennomført ei omfattande kartlegging av universell utforming i bygga vi forvaltar. Nettstaden Bygg for alle viser kor tilgjengeleg bygga vi forvaltar, er. Over 700 statsbygg er no registrerte i Bygg for alle. Det betyr at publikum på førehand kan sjekke bygget, alt frå inngangen til dei ulike besøksromma. Mange kommunar, fylkeskommunar og andre institusjonar bruker no Bygg for alle i forvaltninga si.

Regjeringens handlingsplan 2015-2019

Les denne på regjeringen.no.

Kontaktpersonar

Åse Benedikte Danbolt
Seniorrådgiver
Mob. 41540110
Send e-post
Åsne Fjellanger
Seniorarkitekt
Mob. 48118793
Send e-post
NYTTIGE NETTSIDER

Nyhetsabonnement


Fyll ut feltene nedenfor så vil du fortløpende motta e-poster med aktuelle nyheter fra Statsbygg.

Felt med * må fylles ut. Les om personvern ved bruk av e-postadresser.

.

Ønsker du å avslutte ditt abonnement?
×