Skriv ut med undersider

Universell utforming i eksisterande bygg

Statsbygg gjennomfører omfattande kartleggingar av eigedommane sine. Målet er å få oversikt over tilgjenge, utbetringsbehov og moglege tiltak. 

Statsbygg har totalt 733 publikumsrelaterte bygningar, med eit samla areal på cirka 1,75 millionar kvadratmeter. Desse skal vere universelt utforma innan 2025. Få bygningar er heilt universelt utforma i dag, men arbeidet med utbetringar går kontinuerleg. Behov som blir avdekte, blir lagde inn som oppfølgingstiltak i vedlikehaldsplanane for dei enkelte eigedommane.

Tiltak

Tiltak som blir gjennomførte, er mellom andre montering av automatiske døropnarar, skilting, senking av dørtersklar, montering av rekkverk og rampar ved inngangsparti, betre lyssetjing for kontrastmerking og akustiske tiltak.

Nyttige verktøy

Bygga blir registrerte på nettstaden Bygg for alle, der alle kan sjekke tilgjenget. Dette bidreg til auka merksemd rundt universell utforming, samtidig som det er eit nyttig verktøy for både Statsbygg og publikum.

Åse Benedikte Danbolt
Seniorrådgiver
Mob. 41540110
Send e-post
NYTTIGE NETTSIDER

Nyhetsabonnement


Fyll ut feltene nedenfor så vil du fortløpende motta e-poster med aktuelle nyheter fra Statsbygg.

Felt med * må fylles ut. Les om personvern ved bruk av e-postadresser.

.

Ønsker du å avslutte ditt abonnement?
×