Skriv ut med undersider

Universell utforming i nye bygg

Statsbygg har heile tida cirka 130 byggjeprosjekt i ulike fasar. Krav om universell utforming blir stilt i alle kravspesifikasjonar for desse prosjekta.

Alle nybygg skal vere universelt utforma. I samband med ombygging, tilbygg og rehabilitering skal det leggjast tilsvarande ambisjonar til grunn. Det skal definerast eigne prosjektspesifikke mål for universell utforming i alle byggjeprosjekt. Desse måla blir nedfelte i dei overordna prosjektdokumenta, det vil seie byggjeprogram, prosjekterings-tilvisingar og ytingsbeskrivingar.

For å ta best mogleg omsyn til universell utforming samarbeider Statsbygg med organisasjonar for funksjonshemma og inviterer til både innsyn og innspel undervegs i byggjeprosessen.

Eitt eksempel på denne typen samarbeid er utforminga av Den Norske Opera og Ballett. Krava til universell utforming var ikkje kjende då arkitektkonkurransen blei utlyst i 2000, men frå 2003 hadde Statsbygg kvartalsvise møte med organisasjonane som representerer blinde og svaksynte, døve, rørslehemma og astmatikarar/allergikarar.

Plassering av handicaptoalett, teleslynger, leielinjer langs golvet og heis opp til det flate operataket er nokre av justeringane som blei gjorde i byggjeprosjektet, som følgje av satsinga på universell utforming og samarbeidet med organisasjonane.

Åsne Fjellanger
Seniorarkitekt
Mob. 48118793
Send e-post
NYTTIGE NETTSIDER

Nyhetsabonnement


Fyll ut feltene nedenfor så vil du fortløpende motta e-poster med aktuelle nyheter fra Statsbygg.

Felt med * må fylles ut. Les om personvern ved bruk av e-postadresser.

.

Ønsker du å avslutte ditt abonnement?
×