Gå rett til topp meny Gå rett til meny Gå rett til innhold
 

Universell utforming i Statsbygg

Statsbygg har som ei overordna målsetjing at alle nybygg, eksisterande bygningar og uteområde skal vere i samsvar med prinsippa om universell utforming. Vi kartlegg eksisterande bygningar og gjennomfører tiltak med sikte på å tilretteleggje dei best mogleg for alle.


Domus Academica. Foto: Jaro Hollan

Statsbyggs handlingsplan for universell utforming 2011-2015
Med bakgrunn i det overordna ønsket om likeverd og tilgjengeligheit, skal Statsbygg følgje opp samfunnsmålet om at produkt, byggverk og uteområde blir utforma slik at hovudløysninga er universelt utforma. Les meir om handlingsplanen.

Victoria terrasse, Oslo. Foto: Arash A. Nejad/Statsbygg

Universell utforming i eksisterande bygningar
Statsbygg forvaltar over 1500 eigedommar, og mange av dei er sette opp før det kom krav om universell utforming ved planlegging av bygg. Les meir om korleis Statsbygg arbeider med å leggje til rette for  betre tilkomst i eksisterande bygningar.

Bygg for alle-logo

Bygg for alle. Statsbygg har dei seinare åra gjennomført ei omfattande registrering av tilkomsten i bygningane sine. Systemet Bygg for alle skal gi Statsbygg ei betre oversikt over tiltak som må gjennomførast for å betre tilkomsten i bygga. Les meir om Bygg for alle.

Opera. Foajé. Ill: Snøhetta

Universell utforming i nye bygg
Statsbygg hadde i 2011 om lag 160 byggjeprosjekt i ulike fasar. Krav om universell utforming finst i kravspesifikasjonar, dvs. i byggjeprogram, prosjekteringsrettleiingar og ytingsspesifikasjonar. Les meir om korleis Statsbygg arbeider med å leggje til rette for  universell utforming i nye bygg.

Universell utforming av uteområde
Landskapsarkitekt i Statsbygg arbeider blant anna spesielt med universell utforming. I mange nyare prosjekt er det lagt vekt på at det skal vere lett tilkomst for alle, sjølv om omgrepet universell utforming ikkje kom i bruk før i seinare tid. Eit eksempel på dette er Pilestredet Park-prosjektet.

Svinesund kontrollområde. Foto: Jaro Hollan

Lenker
Nyttige lenkjer til fagmiljø som jobbar for lettare tilkomst til bygningar.