Dømmesmoen – pilotprosjekt for læring
Universitetet i Agder, UiA varsla i 2005/2006 at dei ville flytte frå Dømmesmoen til eit nytt campusområde i Grimstad.

Statsbygg satte då i gong eit forprosjekt for utvikling og eigarstrategi. Dette blei i etterkant supplert av eit pilotprosjekt for utprøving av alternative strategiar og prosessar som skulle få kultur med blant drivkreftene innan eigedomsutvikling. Dette arbeidet fekk fram ei rekkje offentlege og private interessentar. Statsbygg konkluderte med at det var riktig å opne for å slippe til nye eigarar med lokal tilknyting.
Utviklings- og pilotprosjekta blir nå evaluerte. Resultata skal brukast som ein del av underlaget for ein oppdatert, heilskapleg strategi for Statsbygg sitt arbeid med kulturhistoriske eigedommar.