Gå rett til topp meny Gå rett til meny Gå rett til innhold
Illust: Sundt & Thomassen AS
Foto: Halvor Bjørngård
Copyright: Odd Tandberg. Foto: Jaro Hollan
 

Beskriving av Dømmesmoen

Dømmesmoen er på 590 dekar og ligg på raet, den store endemorena frå siste istida, to kilometer frå Grimstad sentrum.

Dømmesmoen består av eit indre og eit ytre parkområde, skog og dyrka mark. På universitetsområdet er det 25 bygningar, 16 av desse vurderast til å ha ein kulturhistorisk verdi. Dessutan finst rundt 50 fornminne, eit arboret og eit friluftsområde med lysløype og turstiar. Ei av dei største samlingane i landet av tre, buskar, staudar, sommerblomar og krydderplanter med 750 artar tre og meir enn 350 forskjellige staudeartar er samla i parken.

Statsbygg har eigd eigedommen sidan 1996, og den nyttast i dag av Universitetet i Agder, UiA. UiA skal samlokaliserast ein annan stad i Grimstad, og flytter ut av lokala i løpet av 2010.