Pilotprosjektet for utvikling og eigarstrategi
Eit prosjekt for utvikling av Dømmesmoen kan ikkje hente erfaring frå tilsvarande prosjekt i Statsbygg og vil derfor vere eit pilotprosjekt.
Gjennom eit pilotprosjekt vil Statsbygg:
- få erfaring og kompetanse til arbeidet med eigarstrategi for kulturhistoriske eigedommar
- utvikle ny metodikk for kartlegging, analyse, utvikling og ny bruk av kulturhistoriske eigedommar
- nytte nye modellar for å måle verdiskaping og resultat
- opparbeide kompetanse på relasjonsbygging og nye samarbeidsformer internt og eksternt
- opparbeide kompetanse og erfaring om utvikling og verdiskaping for kulturhistoriske eigedommar
Denne typen pilotprosjekt er avgjerande for at Statsbygg skal kunne framstå som ei føregangsbedrift på utvikling og forvaltning av kulturhistoriske eigedommar.
Effektmål for pilotprosjektet
Dømmesmoen skal vere eit føregangsprosjekt for Statsbygg i utvikling og forvaltning av kulturhistoriske eigedommar for levande bruk, som byggjer opp om kvalitetane på staden. Den levande bruken skal vere basert på ei avveging mellom Statsbygg, brukar/leigetakar og samfunnet sine behov, ønske og interesser.
Dømmesmoen skal leggje vekt på utvikling av:
- forretningsmessig og verdibevarande bruk
- attraktive lokale og omgivnader
- stadlege kvalitetar og særtrekk
Resultatmål for pilotprosjektet
Sikre ny bruk av Dømmesmoen når Høgskolen i Agder flytter frå eigedommen i 2010.