|
LEIAR:
Vern om historia vår
Bygningar har ei historieforteljande kraft, og vi oppsøkjer gjerne bygningar
når vi vil vite meir om fortida og historia. Statsbygg har brei erfaring
med å ta godt vare på bygg og eigedommar, noko som også kjem til nytte
når dei kulturhistoriske eigedommane i Noreg skal vernast. Statsbygg
forvaltar ei rekkje eigedommar som har stor symbolverdi og er viktige for
heile nasjonen. Vi ynskjer å ta omsyn til dei kulturhistoriske verdiane og
forvalte eigedommane på ein heilskapleg måte.
Regjeringa har, i ein kongeleg resolusjon som blei vedteken 1. september
2006, gitt overordna retningslinjer for korleis statlege kulturhistoriske
eigedommar skal forvaltast.
I Statsbygg er det danna ei eiga faggruppe som skal arbeide med kulturminnevern.
Første fase i dette arbeidet har vore å vurdere kva for bygningar
som er verneverdige. Som ei vidareføring av dette er det sett i gang eit
arbeid med å lage landsverneplanar for statlege kulturhistoriske eigedommar.
Dette arbeidet er heilt i samsvar med regjeringa sitt ønske. Per i dag
er om lag 1650 eigedommar registrerte i prosjektet som blir kalla «Statens
kulturhistoriske eigedommar». 400 av Statsbygg sine eigne bygningar
er førebels vurderte som verneverdige eigedommar, og blant desse skal
det igjen vurderast kva for bygningar som skal inngå i statlege sektorvise
landsverneplanar. Desse planane skal gje grunnlag for freding og innehalde
ei oversikt over eigedommane sektoren skal verne på andre vis.
Det blir no satsa mykje på å verne dei kulturhistoriske eigedommane
her i Noreg. Ved hjelp av kulturminnefagleg kompetanse får også Statsbygg
ei viktig rolle i dette arbeidet, og vi medverkar dermed til å sikre
verdfull historie.

Hege Njaa Rygh
Ansvarleg redaktør
henr@statsbygg.no
|
|