Til forsiden av Åpent Rom

ARKIV
KOLOFON
PDF av hele den trykte utgaven

Nytt liv for gammalt bygg

Statsbygg Midt-Noreg forvaltar ti freda bygg i sin region, og endå fleire som er verna på anna vis. Mange av bygningane er i dagleg bruk, og i eitt av dei held regionkontoret til Statsbygg til.

Tronka blei freda allereie i 1927, og høyrer med til dei første fredingane i landet. Tronka er ein ærverdig gammal trebygning på til saman 1100 kvadratmeter som er fordelte over tre plan. Bygningen ligg idyllisk til på Kalvskinnet i Trondheim.

Historia til Tronka
Bygningen har ikkje alltid blitt sett på som like ærverdig. Han blei bygd som sinnssjukeasyl i 1842, og sjølv om det offisielle namnet var «Pleiestiftelsen for sindsvage mennesker», heitte den noko berykta anstalten «Tronka» på folkemunne. Trondheim byleksikon fortel at namnet er avleidd av det franske ordet tronc, som tyder «kiste», altså «dårekiste».
I 1995 overtok Statsbygg Tronka, og restaureringsarbeidet tok til i 2001. I dag framstår bygningen som eit godt døme på korleis ein kan balansere bruk og vern.

Restaureringa
Kjetil Lehn er direktør for Statsbygg Midt-Noreg og har Tronka som sin daglege arbeidsplass. Han har også vore med på heile restaureringsprosessen, og kjenner dermed arbeidsplassen sin betre enn dei fleste.
– Då vi vedtok at bygningen skulle bli vårt eige regionkontor, sette vi som føresetnad at vi skulle ha tidsmessig innreidde lokale. Men sidan bygningen er freda, måtte Riksantikvaren først godkjenne restaureringsarbeidet. Romstrukturen fekk vi derimot ikkje endre, så her har alle romslege kontor, smiler Lehn.
Å pusse opp gamle bygg er alltid krevjande, men å restaurere ein freda bygning byr på utfordringar utanom dei vanlege. Til dømes er det svært få som veit at det ikkje held å isolere med vanleg mineralull i slike gamle bygg. Den beste isolasjonen er å stappe lafteveggene med mose, på same vis som dei gjorde då bygningen var ny i 1842, for å sikre seg mot fukt og ròtskadar.

Lærte mykje
Sjølv om Statsbygg kanskje er ein av dei mest kunnskapsrike i byggjebransjen når det gjeld å restaurere og vedlikehalde gamle bygg, er det alltid mykje nytt å lære.
– Noko av det viktigaste vi har lært, er at ein må ha nok tid når ein skal byrje å restaurere, seier Lehn. – Det er sjeldan ein går laus på eit så omfattande arbeid som det viste seg at Tronka blei. Bygningen hadde vore utan vedlikehald dei siste ti åra, og vi oppdaga i tillegg at fundamentet og heile den berande konstruksjonen var i ferd med å svikte. Sidan vi måtte ut av dei gamle lokala våre, merka vi godt tidspresset.
– Vi måtte prioritere, og valde heller interiøret enn det ytre i denne runden. Det var i nært samarbeid med Riksantikvaren at vi landa på denne løysinga, seier Lehn, som legg til at dei har samarbeidd godt med Riksantikvaren gjennom heile prosessen.
Ei av dei store utfordringane var å få inn eit moderne teknisk anlegg og samstundes bevare karakteren i interiøret. Det at Tronka er ein trebygning, har og vore ei utfordring.
– I ettertid ser vi at vi kunne ha spart litt på alt kittet som vi har sparkla panelet med. Ein trebygning er levande, og panelveggene rører seg heile tida, men det gjer ikkje kittet. Det sprekk, sukkar Lehn.

Vern gjennom bruk
– Vi arbeider for å få kulturminna våre i dagleg bruk, held Lehn fram. – Vern gjennom bruk er ein viktig føresetnad for å kunne vedlikehalde gamle bygningar. Det er ingen løyndom at det er dyrt å halde eit gammalt bygg i god nok stand til at det er mogleg til dømes å ha kontor der. Noko av det mest krevjande ved å forvalte eit verna bygg, er å få leigeinntekter som står i høve til utgiftene med å restaurere og vedlikehalde slike bygg. Det finst nemleg ingen sentrale statlege midlar til dette.
Liten marknad Gamle bygg er også lite effektive, fordi dei har stor arealbruk per tilsett. Det kan vere ei av årsakene til at det er vanskeleg å få leigetakarar til gamle bygg, sjølv om dei er aldri så bra restaurerte. Leigetakarane stiller like høge krav til verna bygningar som til moderne forretningsbygg når det gjeld teknologi, brannvern, komfort og lagleg tilkomst.
– Marknaden for utleige av kontor i antikvariske bygg er svært liten, seier Lehn. – Folk føretrekkjer moderne kontor, og vi må vende oss til ei lita nisje av leigetakarar, ofte innan kunst, arkitektur eller design, når vi skal leige ut. Dessverre er det mange av dei som ønskjer å leige i gamle bygg, som ikkje har økonomi til å betale den leiga som er nødvendig for å sikre vedlikehald av slike bygg.



Tekst: Eva Kvandal
Foto: Jaro Hollan og Thor Nielsen
Les: www.statsbygg.no/eiendom

 
Leiar

Visste du det? Statsbygg satsar på kultur og næring

TEMA: KULTURMINNEVERN

Historia om Noreg

Kulturminner: Nytt liv for gammalt bygg

Grotten: Huset til Wergeland lever vidare

Profil: Marius Westlie

Tett på spesialråd Kasper Holand

Slik gjer dei det ... i Sverige

Mosaikk

 
Til Statsbygg sine nettsider