|
Mosaikk
Oslo tinghus fornya innvendig
Grunna stort behov for fleire rettssalar og meklingsrom har Statsbygg
fornya Oslo tinghus på innsida. Statsbygg har etablert ti nye rettssalar,
tolv nye meklingsrom, fleire møterom og tryggleikssluser. I tillegg er
kontorløysingar endra, og det er installert nytt ventilasjonsaggregat.
Totalt er 6000 kvadratmeter bygde om.
I ombygginga er det brukt dei same materialane og standardane
som tidlegare, og det er ikkje gjort endringar på fasadane. Ombyggingsarbeidet
har gått føre seg jamsides med den daglege verksemda
i 47 rettssalar i heile ombyggingsperioden.
I fyr og flamme
Noregs brannskole har fått nye administrasjons- og aktivitetsbygg.
Bygningane vart overleverte frå Statsbygg til Noregs brannskole
18. januar i år, og rommar mellom anna styrketreningsrom og
gymsal.
Skolen er ein av fleire utdanningsinstitusjonar som Statsbygg
forvaltar, og er den einaste i Noreg som tilbyr utdanning for kommunale
brann- og feiarvesen og for brann- og redningspersonell
ved lufthamnene. Skolen har eit bygningsareal på over 13 000
kvadratmeter, og er truleg den einaste skolen i landet som kan
skryte av å ha fullt utrusta brannstasjon og kommandosentral
som del av undervisingslokala. Samstundes med overleveringa
av bygget blei det òg markert at skolen endeleg kan ta i bruk eit
øvingsfelt for sløkking av flybrannar.
Statsbygg-prosjekt rimelegare enn budsjettert
Jamført med budsjettet har Statsbygg hatt ei innsparing på heile
227 millionar kroner på dei største byggjeprosjekta dei siste seks
åra. Den samla sluttkostnaden for prosjekta var på snaue 8,4 milliardar
kroner.
Det kjem fram av ein gjennomgang av store Statsbygg-prosjekt
i perioden 2001–2006. Heile 67 av 75 bygg var ferdigstilte innanfor
den såkalla styringsramma, og følgjeleg til lågare kost enn
budsjettert.
Tala frå 2006 går inn i rekkja av gode resultat Statsbygg har
levert dei seinare åra. Av åtte avslutta prosjekt er det berre eitt som
har gått ut over styringsramma, og den totale innsparinga for 2006
var på 57,5 millionar kroner.
Ei auka kostnadsramme er ingen sprekk
Dei fleste prosjekta til Statsbygg er store prosjekt som går over
mange år. Når prosjekta blir fremja for Stortinget, er det pengeverdien
på vedtakstidspunktet som gir kostnadsramma. Sidan
prisane utviklar seg, vil det fylgjeleg koste meir i nominelle
kroner å byggje det same huset tre år seinare.
Statistisk sentralbyrå, som kalkulerer prisutviklinga innafor
ulike bransjar, viser at prisane i byggjebransjen har stige
vesentleg dei siste åra. Dei fleste byggjeprosjekta får derfor
dei økonomiske rammene regulerte med SBED-indeksen, som
bereknar prisutviklinga i byggjebransjen. Det sikrar at vi får like
mykje materialar og arbeidskraft for den nye kostnadsramma
som for den opphavlege. Stortinget føreset indeksregulering
når økonomiske rammer skal fastsetjast.
Mai Anh Thi Lê nyutnemnd doktor
Mai Anh Thi Lê i Statsbygg blei nyutnemnd Ph.D. etter å ha
forsvart doktoravhandlinga si ved Universitetet for miljø- og
biovitskap på Ås like før jul. Ho disputerte for erfaring som
eit kvalitetsfremjande middel i BAE-næring, med hovudvekt
på erfaringsoverføring frå drifts- og vedlikehaldsfasar til prosjektfasar.
Forskingsarbeidet tek mellom anna føre seg kva for
tiltak og metodar som kan fremje læring i organisasjonen, for
å avdekkje om eigedommane kan forvaltast meir effektivt ved
å tilbakeføre erfaring.
Mai Anh Thi Lê er 31 år og utdanna sivilingeniør frå NTNU i
Trondheim. Ho er busett i Oslo, har arbeidd i Statsbygg sidan
2002 og skiltar no også med doktorgradtittel. Mai Anh Thi Lê
fekk stipend frå Statsbygg for å gjennomføre doktorgradsarbeidet.
|
|