| Visste du det: Ny satsing på kultur og næring
Statsbygg har fått ei ny avdeling frå i år. Utviklingsavdelinga
erstattar den tidlegare
Plan- og utgreiingsavdelinga. Den nye avdelinga
skal satse på kultur og næring i tillegg til miljø,
stadutvikling og innovative brukarløysingar.
Utviklingsavdelinga skal også arbeide med
forskings- og samfunnsutvikling og trendanalysar
innanfor byggje- og eigedomsnæringa
og koordinere kunde- og marknadsarbeidet i
Statsbygg.
Kultur og næring
Statsbygg er både interessert
i og forplikta til å medverke til å skape
ny verksemd med utgangspunkt i kultur og kulturminne.
- Vi eig mange kulturhistoriske eigedommar
og det ligg i samfunnsoppgåva vår å arbeide
for at desse blir ivaretekne og nytta på eit vis
som gir grunnlag for verdiskaping, seier May
Balkøy, direktør for Utviklingsavdelinga.
- Vi følgjer opp Stortingsmelding nr. 16,
Leve med kulturminner og nr. 22, Kultur og næring.
Derfor har vi oppretta ein ny seksjon kalla
Kultur og næring. Vi ønskjer å utvikle metodikk
og samarbeidsformer som medverkar til å
utvikle dei kulturhistoriske eigedommane, og
vi ønskjer å gi verdiskaping for staten, brukarane
og lokalsamfunnet der eigedommane er
lokaliserte. I fjor starta vi med utviklingsarbeid
på Åker gard på Hamar og på Dømmesmoen i
Grimstad. Føremålet er å kartleggje og synleggjere
potensialet desse eigedommane har. Vi
skal finne ei framtidsretta handsaming av eigedommane
og etablere samarbeid med kommande
brukarar, seier Balkøy.
Kryss.no
May Balkøy er initiativtakar til
Kryss, som er namnet på ei rettleiing i kulturplanlegging
og ein nettstad med same namn.
Føremålet med rettleiinga er å gi norske kommunar
råd om korleis dei kan nytte kultur og
kulturminne som grunnlag for stadutvikling.
Kryss.no er ein nettstad for erfaringsutveksling
innan kulturplanlegging.
- Vi har oppretta eit redaksjonsråd med
medlemmer frå ulike departement, statlege
etatar og kommunar. Nettstaden formidlar
fortløpande nyheiter, metodikk og erfaringsmateriale
frå denne typen planlegging i Noreg
og i utlandet.
Urtehagen på Dømmesmoen i Grimstad
Tekst: Mirjana Rødningen
Foto: Statsbygg arkiv
Les: www.kryss.no
|