![]() |
|
|
|
|
Slik gjer dei det ... i Sverige
Drottningholms slott Statens fastighetsverk (SFV) forvaltar den nasjonale kulturarven i Sverige. Det er eigedommar som har ei vesentleg rolle i Sveriges historie, og som staten derfor bør eige. Desse eigedommane representerer store kultur- og samfunnsøkonomiske verdiar. SFV har utvikla ein eigen forvaltingspolicy for dei einskilde eigedommane. For kvart bygg, anlegg, park eller utmarksområde skal det dessutan finnast klare mål som er skildra i eit forvaltingsprogram. SFV har som mål å forvalte kultureigedommane sine på ein mønsterverdig og inspirerande måte. Dei ønskjer at allmenta og leigetakarane skal kjenne medansvar i vedlikehaldet, så dei også i framtida skal ha glede av den kulturhistoriske verdien av eigedommane. For å oppnå dette gir SFV særskild opplæring innan forvalting, verdivarande vedlikehald og utvikling av kulturhistoriske eigedommar. Vi kan såleis oppsummere målsetjinga i Statens fastighetsverk i fire punkt:
Ut frå desse fire punkta skal kulturarva forvaltast.
Tekst: Mette Nordhus
Foto: Mikael Perlmutter og Studio Toivo Steen |
|||