|
Vernar om dei kulturhistoriske
eigedommane til staten
Tema: Kulturminnevern
Bygdø Kongsgard
Statsbygg har ansvar for å forvalte over 400 statlege bygningar og anlegg
som kan vere verneverdige. Korleis ein best mogleg skal forvalte og utvikle
desse bygningane, er ei stadig utfordring og eit satsingsområde.
Statsbygg tek no føre seg alle dei kulturhistoriske
eigedommane sine. Dette arbeidet
er eit ledd i prosjektet Statens kulturhistoriske
eigedommar, som for første gong vil gje ei samla
oversikt over eigedommane til staten og klassifisere
dei som verneverdige eller ikkje.
Finansdepartementet
Landsverneplanar
Staten eig ei mengd
eigedommar frå ulike epokar og mange av dei
har stor økonomisk og kulturhistorisk verdi.
Bygningane er også viktige når vi skal fortelje
historia om den norske staten. På nettstaden
til prosjektet heiter det: «Intet bygg er for anonymt,
lite eller stygt, hvis det dokumenterer en
viktig side ved statens historie.»
Førre gongen dei statlege eigedommane blei
registrerte og dokumenterte, var i årbøkene
til Fortidsminneforeningen for 1933 og 1934.
Den gongen blei det vedteke at eigedommane
ikkje skulle fredast etter kulturminnelova, men
handsamast som administrativt freda bygningar
i statleg eige. – I ettertid kan vi seie at dette
kanskje ikkje var den beste løysinga, seier avdelingsdirektør
Kjersti Vetlejord Børø i Statsbygg.
– Eigedommane har lege under ei rekkje ulike
etatar med varierande kunnskap om kulturminnevern.
Staten har fram til no nyleg heller ikkje
hatt nokon einskapleg politikk for korleis ein
best skal forvalte bygningane.
Det blir no utarbeidd landsverneplanar i
dei ulike sektorane og etter kvart skal det også
utarbeidast forvaltingsplanar for kvar einskild
eigedom.
– Ut frå faglege vurderingar skal vi avgjere
om bygningane, med tilhøyrande uteareal, anten
bør fredast etter kulturminnelova eller bevarast
etter plan- og byggingslova, og korleis dei skal
forvaltast.
– Landsverneplanane vil synleggjere historia
i dei einskilde sektorane, avklare kva som skal
vernast, og leggje grunnlaget for god eigedomsforvalting,
seier Børø.
Austråttborga
Auka kunnskap
Statsbygg har alltid hatt
kulturminne i porteføljen sin, som mellom anna
omfattar symbolbygg som Bygdø Kongsgard,
Austråttborga og Finansdepartementet.
– Vi har vesentleg erfaring på området, og
det er eit mål for Statsbygg å bli eit førebilete
for andre når det gjeld forvalting og utvikling av
kulturminne i statleg eige, seier Børø. Statsbygg
har derfor peikt ut dette som eit satsingsområde
og ønskjer å styrkje kompetansen ytterlegare.
Ho vedgår likevel at det å verne fleire statlege
bygningar kan by på utfordringar for både Statsbygg,
som forvaltar dei, og leigetakarane.
– Drift og vedlikehald skal normalt bli dekt
gjennom husleiga, og utgiftene som er knytte
til kulturhistoriske eigedommar, kan i somme
høve bli høgare enn for moderne bygningar. I
slike tilfelle må vi finne ordningar som gjer at
leigetakarane ikkje lir økonomisk fordi dei nyttar
eit verneverdig bygg, og ikkje minst sikre at
dei får kjennskap til kva føremon det å halde
til i slike bygningar fører med seg, som mellom
anna innsikt i historia til arbeidsplassen, høve
til profilering og så vidare, seier Børø.
– Det er trass alt i alle si interesse at bygga er
i bruk. Det er det beste vernet vi kan gi dei.
Utvida fagseksjon
Kjersti Vetlejord Børø
leier fagseksjonen for kulturminnevern i Statsbygg.
Seksjonen, som blir utvida frå fem til ni
personar, skal yte kulturminnefagleg rådgiving
innan alle ansvarsområda til Statsbygg, som arealplanlegging,
utviklings- og byggjeprosjekt og
forvalting, og drift og vedlikehald av kulturhistoriske
eigedommar. Det er også denne seksjonen
som har ansvaret for å utarbeide landsverneplanar,
både for Statsbygg sine eigne eigedommar
og for eigedommar som andre statlege etatar
eig. Børø understrekar likevel at styrken til
Statsbygg, når det gjeld forvalting og utvikling
av kulturminne, ligg i den breie fagkompetansen
og at alle delar av verksemda medverkar i dette
viktige arbeidet.
Høgskolen Stord/Haugesund
Verneverdig høgskole
Éin av dei kulturhistoriske
eigedommane til Statsbygg er Campus
Rommetveit på Stord, ein del av Høgskolen
Stord/Haugesund, som blei etablert i 1994. Men
historia går betydeleg lenger tilbake i tid. Stord
Seminar, ei av dei eldste lærarutdanningane i
Noreg, blei etablert på Tyse Prestegard i 1839,
eit steinkast sør for høgskolebygningane vi finn
på Rommetveit i dag.
I 1866 flytta Seminaret ned til Rommetveit,
og her held skolen framleis til. Det er eit vakkert
område som ligg ned mot fjorden, med fjell
i alle synsretningar. Fleire av bygningane som
blei reiste den gongen skolen var ny, er framleis
i bruk. Gjennom åra har det dessutan vore fleire
rundar med bygging, ombygging og modernisering,
noko som gjer høgskoleområdet til ein
unik katalog over byggjeskikk i ulike tidsepokar.
Det er dette som gjer skolen verneverdig, meiner
Statsbygg, men for brukaren fører denne
statusen med seg ei blanding av ærekjensle,
uvisse og forventing.
Statens kulturhistoriske eigedommar
Eit prosjekt under Fornyings- og administrasjonsdepartementet. Prosjektet har desse
oppgåvene:
- registrere alle statlege bygningar med omsyn til verneverdi
- initiere landsverneplanar for dei ulike statlege sektorane og dessutan rettleie sektorane i dette arbeidet
- lage overordna retningslinjer for korleis ein skal forvalte Statens kulturhistoriske eigedommar www.statenskulturhistoriske
eiendommer.no
Ønskjer kunnskap
– Vi er stolte av dei
gamle bygningane, men føler at vi har mangla
kunnskap om korleis vi skal ta vare på dei på
riktig måte, seier Harald Kvinge, økonomisjef
og driftsansvarleg ved skolen. – Vi skjønar at
det ikkje berre er å gå i gang med målarspann
og pensel, men vi er usikre på korleis vi skal
rehabilitere bygningane. Nettopp derfor blir det
bra å få ein forvaltingsplan for heile høgskolen
og kyndig rettleiing frå Statsbygg.
Kvinge viser rundt i det som var hovudbygningen
i 1866, og som i dag er administrasjonsbygget
til skolen. På 1990-talet fekk det gamle
bygget eit stort tilbygg med glastak, ei løysing
som truleg er funksjonell, men også kontroversiell.
– Vi har vent oss til det, men det er delte
meiningar om kor vellykka det er, seier Kvinge.
Han vedgår at han er meir konservativ av natur
og gjerne ser at bygningane blir tilbakeførte til
slik dei såg ut då dei var nye.
– Men eg forstår jo at det kan vere vanskeleg.
Behov og krav endrar seg og vi kan ikkje drive
høgskole i eit museum. Mellom anna må vi no
tilpasse bygningane til prinsippa for universell
utforming slik at dei er tilgjengelege for alle. Det
er ikkje lett med gamle hus. Nettopp derfor er
det så viktig at vi får kyndig rettleiing i korleis
vi skal ta vare på dei, og at vi får ein plan for
heile området.
Dette gjer Statsbygg
Statsbygg er i gang med eit omfattande arbeid med å registrere eigne kulturhistoriske eigedommar. Måla er:
å få oversikt over kva for eigedommar som er verneverdige
å gi støtte til landsverneplanane i dei ulike sektorane
å utarbeide overordna retningslinjer for forvalting av dei verneverdige eigedommane www.statsbygg.no/kulturminnevern/
Kva skal vi ta vare på?
Ein stor del av
bygningsmassen er frå 1960-talet, då talet på
studentar auka kraftig. På denne tida blei også
fleire av dei eldste bygningane moderniserte
på ein måte som ikkje ivaretok dei kulturhistoriske
verdiane vi ser i dag. Eit døme er gymnastikkbygningen,
som var oppført i 1922 for
å tene som både gymnastikksal og konsert- og
teaterscene. På slutten av 1960-talet blei scena
brutalt riven, og bygningen blei endra til ein
rein gymsal med linoleumsgolv, ribbevegger,
bommar og klatretau.
– No er han gammaldags. Skal gymsalen tilfredsstille
dagens krav, må vi gjere noko med
han. Men kva? spør Kvinge retorisk. – Skal vi
forsøkje å tilbakeføre interiøret til slik det var
i 1922, eller til slik det var på 1960-talet? Eller
skal vi modernisere bygningen heilt innvendig
og berre ta vare på eksteriøret slik det var? Det
er slike spørsmål vi må ta stilling til når vi lagar
ein forvaltingsplan for skolen. Vala vi tek, får
også innverknad for kva vi kan bruke lokalet til.
Skal det brukast som gymsal, eller er det betre
eigna til kulturføremål som teater og musikk?
Dei same problemstillingane gjeld fleire av bygningane
på området, seier han.
Skaper identitet Kvinge meiner høgskolen
kan gjere fullt ut bruk av både den vakre plasseringa
og dei unike kulturhistoriske verdiane
når dei skal konkurrere om studentane.
– Bygningane og heile anlegget er med på å
gi skolen identitet og særpreg. Eg håper vi skal
greie å skape ei felles forståing blant elevane
og lærarane på skolen om verdien av å ta vare
på dei beste kvalitetane ved bygningane, seier
han.
– Eg ønskjer å gi studentane ei kjensle av at
det er noko særskilt ved å studere her. At dei får
kjensla av å vere del av ein lang tradisjon.
|
|