Huset til Wergeland lever vidare
Ingen andre har budd så lenge i Grotten som Arne Nordheim og kona hans, interiørarkitekt Rannveig Getz.
I år kan dei sjå tilbake på eit 25 år langt kjærleiksforhold til huset Henrik Wergeland var så glad i.
Vi elskar å bu her og er takksame for at vi
får lov, seier Arne Nordheim. Han sa ja
med ein gong då Brundtland-regjeringa i 1981
føreslo den store samtidskomponisten som
ein verdig bebuar av statens æresbustad for
kunstnarar. Han blei likevel betenkt då han og
kona Rannveig Getz var på befaring ein regnfull
haustdag. Huset Henrik Wergeland bygde
i Slottsparken, like over krateret som blei att
etter at ein hadde grave ut stein til grunnmuren
til Slottet, såg ut til å vere trongt, mørkt
og dystert.
– Eg ville berre heim til Majorstuen, hugsar
Nordheim. Men interiørarkitekten blei begeistra,
og bekymringane til komponisten forsvann
snart. I dag kysser Arne Norheim golvet når
han kjem heim frå reise. – Omtrent som paven,
smiler han sjølvironisk.
Eit levande hus
Rannveig Getz var sentral i
den omfattande oppussinga som var heilt naudsynt
før paret kunne flytte inn. Ho samarbeidde
med Riksantikvaren og ikkje minst arkitektane
i Statsbygg og elles andre fagfolk. – Eit uvanleg
knirkefritt og godt samarbeid! fortel ho, og syntest
Statsbygg var ein raus byggherre.
Den eine av dei tre stovene blei kjøkken og
spisestove, og då taket blei skrapa, oppdaga
dei eit takmåleri med bladverk og slyngjande
ornament. I dag er restane verna under strietapet
og kan med tida restaurerast. Bitar av ein
veggbord er synleg og blir omtala kjærleg som
«lille Pompei» av ekteparet.
Getz fortel om ei rekkje underlege småting
som kompliserte oppussinga.
– Huset baud på motstand. Det har ein veldig
sterk personlegdom. Men då arbeidarane var
ferdige, var det nett som det fall til ro. – Huset
er levande, det snakkar til oss. I kulda trekkjer
det seg saman så det smell i veggene.
Øverlands ånd
Doble glas innanfor dei opphavlege
vindauga og tjukke tømmervegger med
panel både inn- og utvendig gjer huset behageleg
varmt sjølv på kalde vinterdagar.
Når gjester får utdelt filttøflar, er det av omsyn
til tregolvet som blei avdekt under kjedeleg
linoleum. Også stavparketten i det som var
arbeidsrommet til Arnulf Øverland, er slipt og
teken vare på. Diktaren reiv ned veggene mellom
eit par stover for å lage det store, luftige
rommet som no er stove og musikkrom.
– Vi er glade for vandalismen, seier Arne
Nordheim, som går ut frå at Riksantikvaren
neppe ville ha tillate noko liknande i dag. Det
moderne vindauget Øverland fekk installert,
er derimot erstatta av ein tru kopi av det originale.
– Øverland argumenterte for husmorvindauget
med at han ikkje orka å sjå sprosser etter å
ha vore på Grini, forklarer Rannveig Getz, og
legg til at diktaren ynskte dei velkommen på
ein heilt særeigen måte. Den aller første dagen
deira i Grotten blei ekteparet vekt av stemma
til Arnulf Øverland i klokkeradioen. Han las
«Hundrede fioliner» så dei mest trudde han
var der enno.
Takk til Wergeland
Arne Nordheim komponerer
best i det rommet som Wergeland arbeidde
i. Det er spesielt å vite at det var her diktaren sat
og dyppa pennen i blekkhuset før sjukdommen
sende han til sengs i det same rommet. Henrik
Wergeland blei bokstavleg talt boren ut av Grotten
då han ikkje hadde råd til å bu der lenger.
Noko av det første Nordheim komponerte her,
var melodien til «Den første sommerfugl», som
helsing og takk til Wergeland.
– Grunnlova blei endra frå dette huset. Det
var her Wergeland skreiv det første utkastet til
endring av paragraf 2 som nekta jødar tilgjenge
i riket.
– Det er klart at slike omgivnader påverkar
oss, seier Arne Nordheim.
– Komponerer du andre ting her enn du ville
gjort i ei moderne leilegheit?
– Nei, musikken min blir ikkje påverka. Men
eg har alltid vore historietilhengjar, så huset gir
meg ro og stor glede.
– Folk merkar med ein gong at det er ein spesielt
god stemning her, fortel Rannveig Getz.
– Vi er nøydde til å kaste dei ut, stadfestar
ektemannen.
Eit ekte habitat
Grotten andar ro og harmoni.
Med ei grunnflate på 150 kvadratmeter
er huset overraskande stort innvendig. Varme
fargar, antikke møblar og klassisk moderne design
er kombinert med den sikre sansen Getz
har for kontrastar, og masker og skulpturelle
minne frå alle verdshjørne er ein naturleg del
av interiøret.
Gjester bruker lang tid på toalettet, som er
eit galleri med mange av prisane til Arne Nordheim
og andre minne frå eit langt kulturliv.
Det heng portrett av Wergeland fleire stader,
og nærværet hans er merkande i heile huset.
Romma i andre etasje, der ekteparet Nordheim
i dag har soverom, leigde diktaren i si tid ut.
Han averterte med «... rom i landlige omgivelser,
helst for stortingsrepresentanter. Skyss kan
påregnes». Veslebrunen, hesten til Wergeland,
hadde nemleg stall i hagen, kanskje på same staden
som Rannveig Getz og Arne Nordheim fann
sprøytespissar då dei flytte inn. Men seinare
har dei vore skåna for nærgåande narkomane,
fulle nattevandrarar og innbrottstjuvar, sjølv
om frekkingar har forsynt seg av hagemøblar og
potteplantar når bebuarane har vore borte.
– Det er overraskande fredeleg her. Huset
vernar oss. Det er akkurat som eit habitat skal
vere, seier Arne Nordheim.
Fakta
1840 Henrik Wergeland bygger Grotten.
1845 Økonomiske problem tvinger Wergeland til å selje Grotten. Huset blir i privat eie i nesten 80 år.
1922 Staten kjøper Grotten, som skal bli brukt til æresbustad for fortjente kunstnarar.
1924 Komponisten Christian Sinding blir første kunstnar som flytter inn i æresbustaden.
1941 Sinding dør og huset blir ståande tomt.
1946 Diktaren Arnulf Øverland flytter inn i Grotten med familien sin.
1960 Wergelandsveien blir utvida, og ein del av forstøtningsmuren forsvinn.
1968 Arnulf Øverland dør, men enkja hans Margrethe blir buande i Grotten til 1978.
1969–1980 Grotten er nedsliten og det blir debatt om korleis huset skal brukas.
1981 Komponisten Arne Nordheim og Rannveig Getz, flytter inn i Grotten, som blir pussa opp.
2007 Nordheim og Getz bur framleis i Grotten.
|
|