Til forsiden av Åpent Rom

ARKIV
KOLOFON
PDF av hele den trykte utgaven

Historia om Noreg

Kva kjenneteiknar dei kulturhistoriske eigedommane til Statsbygg? Alderen på bygningen, arkitekturen og historia kan medverke til korleis vi oppfattar kulturhistorisk verdi. Ein bygning som har slike verdiar, kan kallast eit kulturminne. Kor viktige slike verdiar er, vil alltid vere påverka av auget som ser og om overblikket er lokalt eller nasjonalt.

Stavern fort Citadellet, Citadelløya ved Stavern.

Den offentlege kulturminneforvaltinga graderer vernevedtaka sine etter kor viktig eit kulturminne er, og kva for vern det treng. Bygningane som vi presenterer her, har ulik formell vernestatus og er alle viktige kulturhistoriske eigedommar for Statsbygg.

800 års bygningshistorie
Bygningane viser oss døme frå ei lang og samansett statleg bygningshistorie. Dei kan òg fortelje om utviklinga av institusjonar og viktige byggjesteinar for samfunnet. Omgrep som kunnskapssamfunn, rettsstat, demokrati og velferdsstat er uløyseleg knytte til institusjonar og dei materielle ressursane deira. Historiske bygningar kan på ein direkte måte fortelje noko om prioriteringar og behov frå tidlegare tider. Vi bør likevel ikkje trekkje forhasta konklusjonar. Før oljerikdommen gav ikkje statsfinansane same rom for offentlege byggjeoppgåver, men likevel blei det reist meir monumentale og påkosta bygningar enn i seinare epokar. Men fortidas prioriteringar inneber også at staten ikkje engasjerte seg på område som er sentrale i dag.

Fakta

  • Kulturminne er «alle spor etter menneskelig virksomhet i vårt fysiske miljø» (kulturminnelova).
  • I lov om bygningsfredning frå 1920 var dei statlege bygningane ikkje tekne med, fordi Stortinget meinte at staten ville ta ansvar for sine eigne kulturminne.
  • Statsbygg har fått i oppgåve å lage ein landsverneplan over mellom anna dei kongelege eigedommane til staten, Statens hus med fylkesmannsembeta og regjeringsbygningane.

Identitet
Kulturminne kan vere viktige for identiteten til ein stad, anten det er i byen eller på bygda. Brukarar og leigetakarar som held til i husa, kan ofte bli identifiserte gjennom bygningen, og somme bygningar blir endåtil nytta som symbol eller logo. Vi har nokre få kulturminne som dei aller fleste i landet dreg kjensel på, og som derfor er viktige for fellesskapskjensla. I presentasjonen nedanfor har vi lagt hovudvekt på bygningar som er mindre kjende enn nasjonalmonumenta våre, som Austrått og Håkonshallen.
Valet viser utviklinga i kulturminnefaget, der vi i dag inkluderer fleire epokar, stiluttrykk og sosiale grupper når kulturminne skal definerast.

400 bygningar
I databasen over dei kulturhistoriske eigedommane til staten er over 400 av bygningane til Statsbygg førebels vurderte som verneverdige. Gjennom landsverneplanane vil ein no føreslå at eit utval av desse skal bli freda.
Dei kulturhistoriske eigedommane til Statsbygg finst i alle fylka i Noreg. Bygningane dekkjer 800 år med historie, byggjeskikk og arkitekturideal, og er oppførte og erverva for ei lang rekkje ulike føremål. Variasjonane og temaa er mange. Sidan bygningane er så ulike, ligg det i korta at forvaltinga av dei byr på ulike utfordringar og krev brei kompetanse. Dagens innsats og utvikling skaper og vernar det som vil vere kulturminne for den kommande generasjonen.

Tekst: Jørn Hilmar Fundingsrud og Øivind Skøien
Foto: Putte Solberg / istavern.no
Les: www.statsbygg.no/kulturminnevern

 
Leiar

Visste du det? Statsbygg satsar på kultur og næring

TEMA: KULTURMINNEVERN

Historia om Noreg

Kulturminner: Nytt liv for gammalt bygg

Grotten: Huset til Wergeland lever vidare

Profil: Marius Westlie

Tett på spesialråd Kasper Holand

Slik gjer dei det ... i Sverige

Mosaikk

 
Til Statsbygg sine nettsider