Til forsiden av Åpent Rom

ARKIV
KOLOFON
PDF av hele den trykte utgaven

Profil: Marius Westlie

Ung mann med sans for gamle hus

Allereie for 2000 år sidan var Åker gard utanfor Hamar eit maktsentrum, og det var her Harald Hardråde og Magnus den gode møtte kvarandre for å dele kongsmakta mellom seg i 1041. Som ein vasall for Statsbygg er det i dag driftsteknikar Marius Westlie (31) som herskar over staselege hovudhus, gamle stabbur og ein ekte renessansehage.

Åker gard ligg mellom E6 og Mjøsa, nokre pilskot frå det smekre Vikingskipet, sentralt plassert både i samtida og i historia. Ikkje på nokon annan norsk gard har ein gjort så mange gullfunn i form av smykke og gjenstandar frå før vikingtida. Åker har vore kongsgard, tingvoll, kyrkjegods og lensgard for ei lang rekkje offiserar. Statsbygg kjøpte Åker av Forsvaret i august 2005.
– Eg har alltid likt gamle bygningar, men interessa for historie har skote fart etter at eg byrja her, seier Marius Westlie. I eitt år har han hatt ansvaret for det historiske anlegget, som består av inntunet med tre hovudhus frå 1600-talet, det eine vørdeleg gjenreist etter ein brann i 1947, ladegard, stabbur og park med ein stor karpedam.

Søkte på impuls
Eigentleg skulle han hjelpe ein kamerat med å søkje på jobben, men då han droppa prosjektet, sende Marius inn ein søknad på impuls. Småbarnsfaren var litt lei av å stå opp klokka fire kvar morgon for å ta toget til Oslo og jobben som togelektrikar. Ein litt uvanleg bakgrunn for ein driftsteknikar med så stort og omfattande ansvar, men ferskingen har allereie utmerkt seg som ein svært dugande og interessert medarbeidar.
I dag syklar Marius frå heimen like ved Domkirkeodden til Åker, ein arbeidsplass som berre blir meir og meir spennande. Han les seg opp på gardshistoria, og set seg inn i alt frå brannvernforskrifter til krav til vedlikehald av verneverdige bygg, og samarbeider tett med kunnskapsrike fagfolk i både Statsbygg og ei rekkje andre instansar.
– Garden blir ofte besøkt av folk som arbeider med kulturminnevern, og det er artig å høyre når dei fortel kva ein kan lese ut av gamle hus. Mellom anna er det mørtel mellom bjelkelaga i stabbura for å hindre korntjuvar i å bore hol i golvet, fortel Marius. Aller mest spennande var det å følgje dei arkeologiske utgravingane som avdekte mange nye funn på Åker i fjor sommar.
– Like ute på jordet her har det stått eit langhus, seier Westlie, og viser kvar dei fann spora etter stolpehol. Arkeologane fann også eit flott smykke som er meir enn tusen år gammalt, og kokegroper som inneheldt mellom anna dyrebein og tenner. Her har det vore store festar og blitt brygd mykje øl!

Mat og oppleving
Om ikkje Statsbygg har planar om å ta opp att nett den tradisjonen, samarbeider dei likevel med fylkeskommunen om å skape eit mat- og opplevingssenter med arkiv, bibliotek og museum. Ballsalane i det vørdelege hovudhuset skal igjen bli fylte med folk, og kanskje kan ein også arrangere kokkekurs og andre aktivitetar.
Marius er sjølv ein ivrig hobbykokk som elskar å servere sjømat, og han synest han er heldig som får vere med på dette prosjektet. Han har ein sjølvstendig jobb der han må løyse mykje på sparket, og han er også kjend for å ta initiativ i vennekrinsen. Er det konsert eller eit sportsarrangement i Hamar, kan han tromme saman ein stor gjeng og syte for at det blir liv og røre. Fotballen har han førebels lagt på hylla, han nyttar heller tida saman med døtrene på null, seks og åtte år.
Overgangen frå ein arbeidsstad med mange hundre kollegaer til ein herregard full av tomme rom har gått knirkefritt. Heilt folketomt er det dessutan ikkje. Forsvaret leiger eit bygg her, og Marius samarbeider med ulike handverkarar. Det er litt av eit puslespel å finne folk som både har kompetanse til å restaurere historiske bygg og kan konkurrere på pris.

Fransk hageanlegg
Driftsteknikaren må ha oversikt og liggje i forkant. No planlegg han våren og alt som skal gjerast i den franskinspirerte renessansehagen. Dagbøker viser korleis hagen planmessig blei bygd opp med pryd- og nytteplantar, grønsaker, bær og urter.
– Eg har stor respekt for det folk fekk til før i tida. Sjølv for fleire tusen år sidan fanst det flinke handverkarar og kunstnarar, seier Marius, som elskar å dukke ned i gamle dokument i Statsarkivet og hente inn ny lærdom.
Han vonar planane om eit moderne Statsarkiv for Hedmark og Oppland blir realisert på Åker. Samstundes som han likar å ta hand om gamle bygningar, er det ei stor og morosam utfordring å tilpasse dei til verksemder som kan skape eit levande kulturminne. Men Marius Westlie innser at tolmod er ei dygd i denne jobben.
– Ingenting er umogleg. Det umoglege tek berre litt lenger tid, seier han optimistisk.

Tekst: Ellen Stai
Foto: Morten Brun

 
Leiar

Visste du det? Statsbygg satsar på kultur og næring

TEMA: KULTURMINNEVERN

Historia om Noreg

Kulturminner: Nytt liv for gammalt bygg

Grotten: Huset til Wergeland lever vidare

Profil: Marius Westlie

Tett på spesialråd Kasper Holand

Slik gjer dei det ... i Sverige

Mosaikk

 
Til Statsbygg sine nettsider