|
Tett på: Kasper Holand, spesialråd i EU-delegasjonen
– Du har vore prosjektleiar for Statens kulturhistoriske eigedommar.
Er dette eit eigedomsselskap?
– Nei, det er ikkje eit eigedomsselskap, men eit prosjekt som
blei starta av FAD i 2003 og skal sluttførast i 2008. Grunnlaget
for prosjektet var behovet for å registrere alle bygningane til
staten med tanke på verneverdi, og arbeidet skal munne ut i
verneplanar. I neste omgang må vi sørgje for at dei statlege
eigarane systematisk held kultureigedommane ved like. Det
er eit omfattande arbeid med eit tusental eigedommar og ein
bygningsmasse på nærare ti millionar kvadratmeter som skal
kartleggjast og vurderast. Alt vil sjølvsagt ikkje vere verneverdig,
men vi må ta godt vare på det som er det. Til no har ikkje
statleg eigarskap nødvendigvis vore nokon garanti for at eigedommar
blir godt verna!
– Kan du gje nokre døme på eigedommar som blir rekna for
å vere kulturhistoriske?
– Det enklaste å vise til er sjølvsagt kjende og kjære eigedommar
som Slottet og Stortinget, men vern er ikkje lenger berre
knytt til borger og museale eigedommar. Det gjeld også bygg
som verken er gamle eller strålar av arkitektonisk venleik, men
som har hatt ei sentral rolle for utviklinga av landet. Postterminalen
i Oslo kan vere eit døme på det.
– Kva rolle har Statsbygg i arbeidet med kulturhistoriske
eigedommar?
– For det første eig og forvaltar Statsbygg mange av eigedommane.
Gjennom husleigeordninga har Statsbygg vore eit føredøme
for andre når det gjeld vedlikehald av bygningar og kulturminne.
Statsbygg sit også på fagkunnskapen, og er dermed
inne som rådgivar for andre statlege aktørar i planarbeidet.
|