|
Portrettet: PÅL GORDON PÅ BALLEN
Pål
Gordon Nilsen er stemma frå Radiosporten som plutseleg blei eit
ansikt på tv. Eg drøymde aldri om å koma på
fjernsyn, seier Pål Gordon. Og krev å bli trudd. Men no er
han
altså på plass i tv-ruta. Kvar kveld. Vi snakka med han før
VM braut laus.
Pål Gordon Nilsen er NRKs ankermann gjennom 14 sommarkveldar med
VM-magasin frå fotball-VM i Japan og Sør-Korea. Han vil gjerne
koma heim til deg. Gjennom tv-ruta.
For første gong sender ingen av dei riksdekkande norske tv-kanalane
kampane i fotball-VM. I Norge sit Telenor på tv-rettane, gjennom
betal-tv-kanalen Canal Digital. Du må enten betala for å sjå
direktekampane. Eller zappa til svensk og dansk tv.
Det er sjølvsagt eit paradoks at kampane ikkje blir sende
verken på NRK eller TV 2. Det seier noko om dei vanvittige summane
som er involvert når ingen av dei to riksdekkande norske kanalane
når opp og får tilslaget på tv-rettane, seier Pål
Gordon.
Men sjølv utan kampar på direkten meiner han VM-tilbodet
frå NRK er godt. Kvar kveld leier unge Nilsen NRKs timelange VM-magasin.
Me sender minimum 20 minuttar av kvar kamp. Men i tillegg har me
høgdepunkt, analysar, konkurransar, reportasjar og gjester i studio.
Så sjølv om me bare sender to heile kampar direkte i NRK
i løpet av heile VM, har me ganske god dekning av meisterskapet.
VM-magasin frå Norge
I år har NRK ikkje sendt nokon til Japan eller Sør-Korea
for å dekka det som foregår der. Det trur Pål Gordon
at kollega Arne Scheie, som har vore på dei fleste fotball-VM gjennom
tidene, er meir lei seg for enn han sjølv. Herr Nilsen var i Frankrike
under forrige fotball-VM, og opplevde den fantastiske stemninga som var
der. Men samtidig meiner han det ikkje nødvendigvis er ei ulempe
å ikkje vera til stades der det skjer når ein skal laga VM-magasin
frå studio.
Det er faktisk lettare å skaffa seg oversikt over kva som
foregår heimefrå. Når du står midt oppi det heile,
er det lett å mista overblikket og vanskeleg å halda seg fullt
ut orientert om alt som skjer. Sjølv om du altså får
med deg ei stemning du går glipp av i Oslo.
Pål Gordon meiner det ikkje bare er tv-dekninga som er annleis enn
forrige gong det var fotball-VM. Norge er ikkje med denne gongen,
VM foregår svært langt borte, kampane går på rare
tidspunkt, stort sett midt i arbeidstida til folk flest i Norge. Då
trur eg det er heilt greit med ein time magasinsending etter at pølsene
er grilla og sola har gått ned på sommarkveldane.
Men du lar deg riva med sjølv om Norge ikkje er med i år?
Ja. For meg er fotball-VM den største idrettshendinga som
skjer.
Heimbyen til sportsjournalistikken
Sjølv om han er frå Kongsberg, byen som sannsynlegvis har
fostra fleire sportsjournalistar enn nokon annan norsk by, påstår
unge Nilsen at det var tilfeldig at han blei akkurat sportsjournalist.
Eg har alltid hatt lyst til å bli journalist. Men at det
skulle bli sport eg jobba med, er tilfeldig, seier han. Sjølv
om eg neppe hadde søkt om å bli frilansar i Radiosporten
om eg ikkje hadde vore så interessert i sport som eg tross alt er.
Ei forklaring på Kongsberg-dominansen i norske sportsjournalistars
rekker finst likevel: Seint på 80-talet og tidleg på 90-talet
fann du fleire av den unge generasjonen sportsjournalistar i dagens NRK
og TV 2 som Espen og Svein Graff, Carsten Skjelbreid og Pål
Gordon Nilsen ivrig opptekne i RadioLågen. Ifølge
Pål Gordon «Kongsbergs beste nærradio på den tida».
Det var altså i lokalradioen unge Nilsen lærte seg sine første
journalistiske triks. Seinare blei det formell journalistutdanning ved
Gimlekollen Mediesenter og radiolinja ved Høgskulen i Volda.
Eg hadde høyrt så mykje om medialinja i Volda. Skal
du bli radio- eller tv-journalist, er Volda det beste alternativet i Norge.
Og det var fine år, ingen tvil om det, seier Pål Gordon.
Frå fotball til snowboard
Etter utdanning og praksis kan han etterkvart brukast til det meste. Som
reporter i Radiosporten har han vore utegåande reporter, kommentert
alt frå fotball til hopp. Og snowboard som han i utgangspunktet
ikkje kunne noko som helst om.
Det er nok ikkje alt eg har gjort av snowboardstoff som har vore
like bra. I VM i 1999 kommenterte eg til dømes feil mann nesten
heilt til mål. Det var ikkje heilt bra.
Pål Gordon meiner sportsjournalistikken har blitt mykje meir variert
enn før og dermed meir interessant å jobba med som
journalist. Sjangeren rommer så mykje meir enn eit enkelt
referat om kven som vann. Her er dopingproblematikk, økonomi og
politikk på høgt nivå. Svært varierte tema som
gjer det interessant å jobba med feltet, seier Pål Gordon.
Men parallelt med det kritiske journalistiske blikket, skal han også
underhalda sjåarane, la seg riva med når Norge vinn gull,
gi av seg sjølv.
Me jobbar på sett og vis i underhaldningsbransjen. Det skal
vera moro å sjå sport på tv!
Pål Gordon Nilsen tok steget frå å vera ei anonym stemme
på radio til å bli eit synleg ansikt på tv rundt juletider
i fjor.
Sjølvsagt var det ein stor overgang å gå frå
radio til tv. Fjernsynet har ein heilt annan effekt, eit heilt anna gjennomslag
enn radio, merkar Pål Gordon. Men medan «alle» i dag
drøymer om å bli journalist eller koma på tv, har Pål
Gordon aldri hatt noko mål om å vera på skjermen.
Hadde det vore poenget, ville eg vore der for lenge sidan. Men
etter fem år i Radiosporten, følte eg meg klar for nye utfordringar
og å prøva noko nytt.
Kva må til for å vera ein god programleiar på
tv? For å vera heilt ærleg, veit eg ikkje så
mykje om det enno. Men eg trur det er viktig at ein er roleg og trygg,
at ein ikkje får panikk om noko går galt. Samtidig er det
viktig «å koma gjennom tv-ruta», som ein kallar det.
Kva tyder det? Det er eit underleg uttrykk eg ikkje veit
om eg har fått heilt tak på sjølv. Men det handlar
om at ein liksom skal koma gjennom tv-skjermen og inn i stova til folk.
Korleis gjer ein det? Sjølv prøver eg å
vera mest mogleg naturleg. Ta ting med eit smil. Og om noko går
galt kan eg tenkja: «Det er jo bare tv.»
Tekst: Jan Zahl | Foto: Linda Cartridge
|
|