|
Høgskulen i Volda: MED MEDIA
SOM MÅLBERAR
Sjølv
om berre kvar tiande student ved Høgskulen i Volda soknar til medieutdanninga,
er det denne utdanninga som har gjort høgskulen kjend. For soga
om studiestaden Volda er soga om lokale krefter og motkulturar som har
skapt ein annleis studiestad i Annleislandet med dei media og midla
dei rådde over.
5000 fastbuande i sjølve tettstaden Volda og oppunder 2000 studentar
gjer at studiemiljøet pregar bygda meir enn nokon annan stad i
landet. Det er berre to årstider i Volda studietid og sommartid.
For studentar som vel Volda, set bygda sitt preg på studietilveret.
Liten og intim som tettstaden er, vert òg studietida. Tilboda utanfor
høgskulen er avgrensa, så studentane vender seg mot høgskulen
og kvarandre. I Volda heng dessutan tilbodet om deltidsjobb saman med
prisnivået på leigebustadar; dei er etter måten låge,
båe to. Men i sum gjev dette betre tid til å vere student.
Og sidan studentane har fritt tilgjenge til utstyr og spesialrom det meste
av døgeret, vert studia intense og intensive. Ikkje minst i eksamens-
og praksisperiodane for arbeidsmiljølova står nok
ikkje på timeplanen her
Etableringa ført til ends
Denne våren tok høgskulen i bruk det siste av to byggetrinn
som kom i kjølvatnet av samanslåinga mellom distriktshøgskulen
og lærarskulen i 1994. Dette er eit påbygg på eit tilbygg
til det opphavlege lærarskulebygget frå 1922.
Dersom vi ikkje hadde hatt trua på at vi skulle få
bygge ut høgskulen, hadde korkje studentar eller tilsette akseptert
dei tilhøva vi levde under. Det kunne vorte vanskeleg å utvikle
høgskulen, og å halde på både studentar og lærarkrefter,
seier Jan Driveklepp, direktør ved høgskulen frå samanslåinga
og fram til sommaren 2001. Med lang fartstid i høgskulesystemet
i Volda har han fått med seg det meste av veksten dei siste 20 åra
og er rekna for å vere institusjonsbyggar, også i fysisk forstand.
Men historia bak høgskule- tilbodet av i dag strekkjer seg langt
attende og byggjer på sterke lærdomstradisjonar.
Soga om ein studiestad
Det første landsgymnaset og den første distriktshøgskulen
utanom byane, vart båe skipa til her. Oddbjørn Melle, historikar
og førsteamanuensis ved høgskulen har teke doktorgraden
på nettopp etableringa av distriktshøgskulen i Volda og trekkjer
dei historiske linene langt attende.
Embetsmannen og presten Hans Strøm er rekna for å
vere startfiguren for den kulturelle utviklinga i Volda-distriktet. Strøm
valde ut ein mann frå allmugen til å føre lærergjerninga
videre; Sivert Aarflot, den åndelege faren til Ivar Aasen.
Det er ein samanheng mellom desse tre. Geniet Ivar Aasen hadde dermed
noko intellektuelt å knytte seg til med det første prenteverket
på landsbygda og den første bygdeavisa Norsk Landboeblad
som båe vart skipa av Aarflot, fortel Melle.
Lokal idé blir statleg
I motsetnad til dei fleste andre lærarskular som kom til etter offentlege
initiativ, var det lokale framtenkte folk som brann for opplysningstanken
som stod bak i Volda. Desse kreftene bygde opp både lærarskulen
og landsgymnaset som private institusjonar i Volda, men knytte seg heller
snøgt til staten i driftssamanheng.
Dette legg grunnlaget for ein undervisingstradisjon i Volda. Når
så distriktshøgskulen blir lansert som idé, er det
frå statleg hald, poengterer Melle. Tankegangen bak var å
få til utdanningsinstitusjonar mellom gymnas og universitet, og
dette skulle vere ein kompensasjon til byane som ikkje fekk tildelte universitet.
Volda-regionen spelte på tradisjonen med lærarskule
og landsgymnas. Ein makta å stå fram som representant for
bygde-Noreg og mobiliserte dei fleste landkommunane på si side.
Med denne lobbyverksemda nådde ein fram og i 1969 vedtok Stortinget
dei tre første distriktshøgskulane. Byane Kristiansand og
Stavanger fekk sine, medan det skjedde noko interessant i Møre
og Romsdal det vart deling mellom Volda og Molde, forklarar Melle.
Berte Kanutte er hjartet
Vel ein mannsalder etter har skulen funne si form. Fellesbygget Berte
Kanuttehuset frå 1998 har vorte hjartet i høgskulen, og er
eit monumentalbygg i bygda som arkitektar frå heile verda valfartar
til for å studere. Berte Kanutte Aarflot var dotter til Sivert Aarflot
og ein leiande haugianar og salmediktar. Ein fyl namneskikken der Ivar
Aasen, Hans Strøm og Henrik Kaarstad, grunnleggar av lærarskulen,
har gjeve namn til andre bygg ved høgskulen. Mange bilete er brukt
for å skildre det nye fellesbygget. Kritiske røyster kallar
det eit stort fjøs, medan andre peikar på at sett ovanfrå
ser det ut som ei fiolin som tryllar saman kunnskapstonar for heile høgskulen.
Den funksjonelle hovudideen var at dette skulle vere hjartet i den nye
Høgskulen i Volda, midt mellom dei eksisterande bygga og ein stad
alle gjekk innom dagleg. Funksjonane som vart brukte for å nå
dette målet, var bibliotek, kantine, studentsamskipnad og studentinformasjon.
Sjølv om det er korte avstandar, har ein ikkje nådd målet
fullt ut fordi informasjon frå bibliotekdatabasane er mogleg å
hente frå eigen arbeidsstad og det vart oppretthalde to mindre kantiner.
Dette gjer at vi ikkje fekk den samlinga vi ønskte oss.
Men med fellesadministrasjonen har bygget trass i dette fått eit
eigarskap hjå alle avdelingane. Den nye høgskulen vart materialisert
gjennom Berte Kanutte-huset, seier Driveklepp. Han meiner bygget var avgjerande
for å samle høgskulekreftene.
Utan det ville vi ikkje fått til denne høgskulen slik
han står fram i dag. Sjølv om det frå andre høgskular
vart peikt på at vi hadde det enkelt i Volda, sidan avstandane var
små. Det er likevel slik at dess nærare ein er geografisk,
dess lenger er det imellom om avstanden først er der. For oss ville
der vore øydeleggande om vi ikkje hadde dette fellesbygget.
Nytt liv med ny sal
For dei to byggetrinna er fellesnemnaren betre plass for alle. Sist ut
og tilgodesett i trinn II er dramaundervisinga ved Høgskulen. For
studentar og tilsette her, er det eit tidsskilje. Lokala vi kom
frå, hadde så låg takhøgde at det ikkje let seg
gjere å lyssetje scena, det vart bere skuggar att. Med høgda
vi har no, kan vi bruke salen både på langs og tvers, eller
berre delar av salen. Vi har dessutan fått skikkeleg blending, inndekning
og ventilasjon. Lyd- og lystilhøva er òg noko heilt anna
enn før. Dette er ei ny tid for oss, oppsummerar Marit Ulvund,
seksjonsleiar for drama. Undervisninga i drama ved høgskulen er
mellom dei studia som femner flest av studentane i løpet av eit
studieår. Ved sidan av drama årseining, er allmennlærar-,
førskulelærar-, barnevern- og sosionomstudentane innom og
har kortare kurs tilpassa studieretninga. Og til hausten kjem ei påbyggingseining,
tilsvarande mellomfag.
Det er til saman om lag 300 studentar som er innom her i løpet
av eit år. Somme kjem til Volda berre for dramautdanninga, og då
er det viktig å by fram gode lokale i den tida dei studerer her.
Vi er svært nøgde med rommet slik det har vorte, sjølv
om vi kunne ønskt at det var eit par meter breiare, det hadde auka
fleksibiliteten. Men det går greitt å få plass til 6070
tilskodarar og ei god intimscene, seier Ulvund. Også studentane
hennar er nøgde med dei nye lokala. No har vi fått
eit skikkeleg dramarom der vi slepp å verte forstyrra av dei andre
og vi får vere meir for oss sjølv, fortel Ingvild Paulsen
frå Sauda og Muriel Horgen frå Korgen. Studiestaden Volda
meiner dei er liten, intim og med mange tilbod for studentane på
høgskulen, også utanfor undervisingstida.
Media har alle høyrt om
Mest kjend utanfor Volda-bygda, er kanskje medieutdanninga, sjølv
om berre ein av ti studentar er knytt til ho. Eg trur ikkje vi
kan marknadsføre Høgskulen i Volda utan noko synleg å
kople han mot. Media har vore ein viktig spiss. Også vi som har
arbeidd med fagområda der det har vore vanskeleg å rekruttere
studentar, gler oss over suksessen media har hatt. Dette kan nyttast til
å marknadsføre høgskulen som heilskap, seier Driveklepp.
Rett før studietida er over, er andreårsstudentane på
media i ferd med å kome seg ut av reiret og finne ut om dei er flygedyktige.
Praksisrapportar og eksamensproduksjonar skal leverast og mange brukar
det meste av døgnet på høgskulen. Skuggen av 11. september
kviler over det som har fått nemninga «dødens kull».
Avdelingsleiar Sverre Liestøl meiner det ikkje er grunn til å
uroe seg. Det er ikkje sikkert dei kan velje mellom toppjobbane
denne våren, men journalistjobbar er det alltid å få,
seier han og peikar på at under halvparten av norske journalistar
har utdanning innan fagfeltet. Derfor er utgangspunktet godt med denne
utdanninga om ein godtek ein nøktern start. Dystre utsikter
har ikkje prega søkarmassen, ho er framleis stor og aukande. Som
dei andre avdelingane, er også media no samla på ein stad.
Ved høgskulen har ein vald å bygge opp om avdelinga og det
ber frukter. Med sams lokalar er miljøet mykje meir samansveisa
enn tidlegare. Under Den norske dokumentar-filmfestivalen samarbeidde
alle fire studieretningane om arrangementet og det gav god synergieffekt,
forklarar Liestøl.
Men kva med framtida?
Medan studentmassen nærast eksploderte i åra 1988 til 1994
med dobling frå 1100 til 2200, er den no stabilisert og spørsmålet
er kvar vegen går no. Omfanget av heiltidsstudentane vil
nok gå ned til kanskje 1500-1700 medan resten er knytt til desentraliserte
opplegg, fjernundervisning, og deltidsundervisning. Prinsippet om livslang
læring vil ha mykje å seie for utviklinga, samstundes som
konjunkturane i norsk økonomi òg vil spele inn. Men eksplosjonen
vi såg frå 1988 vil vi nok ikkje sjå att, meiner Driveklepp.
Ei anna side ved utviklinga av Høgskulen i Volda, er at i takt
med vekst og høgre studienivå, veks òg ambisjonane.
Fleire rektorar har ytra ønskje om å få det første
universitetet på landsbygda i Volda. Den symbolske eller kulturelle
kapitalen som var viktig for å etablere distriktshøgskulen,
kan få ny aktualitet i ein slik samanheng, trur historikaren Melle.
Den historiske lina frå Hans Strøm vert ikkje ført
til endes før ein kan nytte universitetsnemninga. Dette vil femne
meir enn berre Volda, og gjelde for både bygde-Noreg og motkulturen.
Eit slikt langtidsmønster fascinerar og ville ført motkulturen
til sitt logiske sluttpunkt eit universitet i Volda. Men om det
er realistisk, er eit anna spørsmål
Tekst: Per-Børge Moltubakk | Foto: Linda Cartridge
|
|