Til forsiden av Åpent Rom

[KOLOFON] [ARKIV]
[PDF av denne artikkelen]


Monumenter over vår tid 2: IVAR AASEN-TUNET I ØRSTA

Klikk på bildet for større visning Dette prosjektet er eit lite under, sa kulturminister Anne Enger Lahnstein då ho vitja byggeplassen i Ivar Aasen-tunet under Dei Nynorske Festspela hausten 1999.

Eit lite under, skapt ut frå ein laus idé gjennom ti års dugnadsarbeid, fleire hundre møte, endå fleire brev og uendeleg mange samtalar. Nynorskens stilling i dag er resultatet av ein imponerande kollektiv innsats. I handfast betong påviser Aasen-tunet kva eit fellesskap kan oppnå gjennom målretta arbeid.

Ideen med prosjektet var å knyte eit Ivar Aasen-senter, som inneheld ei samling av hans etterlatne ting og som kan fortelje historia om Ivars Aasens liv, til eit kultursenter for nynorsk. Det var naturleg å velje ei tomt tett opp til plassen der Ivar Aasen blei fødd. Det gav ein dramatisk tomtesituasjon i den bratte lia i Hovdebygda. Det arkitektoniske svaret på ei slik utfordring måtte bli spesiell. Bygningen er gravd inn i den skrå bakken, med ein dominerande fasade ut mot dalen.

Ivar Aasen-tunet er teikna av professor arkitekt Sverre Fehn. Bygget er ein betongbygning i to etasjar. Bakveggen ligg under terrenget, og taket over bakre delen av bygget er dekt med jord og grastorv. Dei skråstilte veggene fungerer som store konstruktive skiver mellom tak og golv. Støypeformene blei bygde av standard bord. Avtrykket deira i betongflata overfører på ein merkeleg måte minnet frå veggpanelet i den tradisjonelle trearkitekturen. Med materialvalet er arkitekturen gjennomsyra av ein byggeskikk utan sminke. Resepsjonen og restauranten avsluttar den store kvelvkonstruksjonen og endar mot eit amfiteater som er ein rekonstruksjon av den gamle møteplassen inne på Ivar Aasen-tunet.

Utsmykkinga er basert på skriftteikn frå ulike ideografiske og fonografiske skriftsystem. Mangfaldet av skriftspråk skaper ei internasjonal vinkling for å kunne setje det nynorske skriftspråket inn i ein større samanheng. Det store biblioteket strekkjer seg over to plan og bind etasjen for forsking og administrasjon saman med museumsavdelinga.

Etter eitt års byggetid stod nybygget ferdig våren 2000. Storting og regjering har realisert Aasen-tunet «fordi vi erkjenner at det tospråklege har ein verdi i seg sjølv,» sa statsråd Ellen Horn i opningstalen 22. juni.

Meir informasjon: http://www.statsbygg.no/prosjekter/prosjektkatalog/ivaraasen/index.html

Tekst: Jan Ivar Bøe | Foto: Jiri Havran

Leder

Gjesteskribent
[Eli Hall]


Vestbane-konkurransen:
Høye bølger innerst i fjorden


Tett på Joshua Ramus:
Vestbane-arkitektene


50-års jubilant:
Ambassaden i Stockholm


Profilen:
Norges ambassadør i Sverige,
Eirik Glenne


Portrett:
Utenriksminister Jan Petersen


Fargerike Statsbygg

  Kundeundersøkinga til Statsbygg

  Monumenter over vår tid 2:
Ivar Aasen-tunet


Notiser
 
Til Statsbygg sine nettsider