Til forsiden av Åpent Rom

[FORSIDEN] [KOLOFON] [ARKIV]
[PDF av åpent rom nr 3 / 2003] Forskning og utvikling i Statsbygg


FOU - TREDIMENSJONAL MODELLERING

Korleis blir det på Kronstad? Tredimensjonale datamodellar er godt egna til å visualisere korleis ulike grep i planleggingsarbeidet påverkar utbyggingsområdet.

Dataverktøyet kan mellom anna vise korleis bygningar vil sjå ut i miljøet dei skal stå i, og korleis dei påverkar solforhold og siktlinjer på ei tomt. FoU-prosjektet «3D i urban modellering » ser nærare på korleis dette verktøyet kan nyttast i planlegging av prosjekter. Ved bruk av datamodellar kan ein virtuelt «gå rundt i området» og oppleve korleis ein gitt situasjon opplevast. Med nokre museklikk kan ein endre posisjon og sjå korleis bygningar ser ut frå ulike himmelretningar eller frå ulike tilkomstar til bygget. Datamodellen lyg ikkje, dimensjonar og geometri er alltid korrekt. Høgskulen i Bergen skal samlokaliserast på Kronstadtomta, der det skal byggast 48.000 kvadratmeter skulebygg, samt nokre tusen kvadratmeter til andre føremål. 3D-modellen er brukt til å studere volum og utnytting av tomta. Denne type visualisering av prosjekt har vist seg som svært nyttig i dialogen med planmyndigheitene. Verktøyet viser korleis sol og skygge blir på gitte datoar og klokkeslett, og korleis dette blir dersom bygget til dømes er tre eller fire etasjar høgt. Ein kan stille seg på verandaen til fru Mikkelsen i nabohuset, og sjå korleis bygningane tek seg ut derfrå, og at sola vil gå ned bak bygget klokka 20.18 den 23. juni. I Kronstadprosjektet skal verktøyet brukast blant anna i møter med naboer, velforeiningar og andre interesserte. For «ikkje-profesjonelle» gir modellen klar og lettfatteleg informasjon om planane for utbygginga.

Statsbygg skal nytte den digitale 3D-modellen i arkitektkonkurransen for Kronstadutbygginga, då dette kan være eit godt hjelpemiddel både for arkitektane, i evalueringa av konkurranseforslaga og i etterarbeidet med arkitektforslaget.

Statsbygg brukte første gang denne type verktøy i evalueringa av prosjektkonkurransen om Vestbanen. Dette utviklingsprosjektet nytter godt av erfaringane derfrå, og ser på moglegheiter for å bruke datamodellar i større utstrekning og utvikle nye dataverktøy tilpassa behova til både Statsbygg og byggebransjen generelt.

Tekst: Jan Ivar Bøe
Illustrasjon: Statsbygg

Leder

Portrettet: Kristin Clemet

Tett på Øivind Christoffersen

BBB-bygget i Bergen 1: Biologisk mangfold

BBB-bygget i Bergen 2: Bak veggen

Folkehelsas vaksinefabrikk

Ny glassfasade til Villa Stenersen

Ålesund fengsel

Forsking og utvikling i Statsbygg [2]

Leserundersøkelsen

Gjesteskribent [Sverre A Larsen]

Notiser

 
Til Statsbygg sine nettsider