|
Leder:
Statsbygg i 190 år – Åpent rom gratulerer!
Christian Ancher Collett (1771–1833) var namnet på mannen som i 1816
fekk jobben som den første statlege bygningsinspektøren for offentlege bygg
i Christiania og omegn. Bygningsinspektøren skulle ha oppsyn med dei sivile
bygningane til staten. Av fleire årsaker var det byggjeverksemda i Christiania
som då stod i fokus. Stillinga til byen blei endra etter 1814, og byen fekk
status som hovudstad. Dette opna for ekspansjon, og ei rekkje nye statlege
institusjonar og offentlege bygg var med på å setje preg på byen.
I 17 år hadde Collett stillinga som statens bygningsinspektør – rett nok
var stillinga berre ein deltidsjobb, og Collett blei lønna som konsulent.
Stillinga forhindra heller ikkje Collett i å ta på seg statlege byggjeoppdrag
som arkitekt. Mellom anna var han utførande arkitekt for ombygginga av
lokala Stortinget leigde, og for ombygginga av Paléet – kongebustaden på
den tida.
Den statlege byggjeverksemda auka etter kvart, og det blei behov for
ein større organisasjon som skulle føre oppsyn med verksemda. I 1887 blei
Statens bygningsinspektorat oppretta. Seinare, i 1936, skifta inspektoratet
namn til Riksarkitekten. I 1959 vedtok Stortinget å opprette Statens byggjeog
eigedomsdirektorat. I 1993 blei det innført ei husleigeordning. Ordninga
skulle synleggjere utgifter knytte til det å forvalte bygningsformuen i landet.
På same tid blei direktoratet omdanna til forvaltningsbedrifta Statsbygg.
Sjølv om arbeidet har blitt organisert og gjennomført på ulike måtar
opp gjennom tida, har det statlege byggjeriet alltid spela ei viktig i rolle i
samfunnet. I dag arbeider over 670 personar i Statsbygg. Det er desse som
gjer det mogleg for Statsbygg å medverke til nasjonsbygginga og den viktige
eigedomsforvaltninga.
Redaksjonen i Åpent rom vil gratulere alle «statsbyggjarar» med ei fortent
markering av 190 års innsats!

Hege Njaa Rygh
Ansvarleg redaktør
henr@statsbygg.no
|
|