Til forsiden av Åpent Rom

[FORSIDEN] [KOLOFON] [ARKIV]
[PDF av åpent rom nr 4 / 2003]


GAMMAL ASFALT BLIR BÆREKRAFTIG BILVEG

Asfalt frå rullebana er knust og gjenbrukt i vegutbygginga på Fornebu. Pilotprosjektet er blitt ein døråpnar for gjenbruk av masser til vegutbygging. Det er bredt presentert og har vakt internasjonal interesse.

Ei av dei store miljøutfordringane på Fornebu er å handtere overskotsmasser frå riving og nedbygging av flyplassen, og frå den nye utbygginga. Målet er å gjenvinne mest mogeleg av dei eksisterande massene lokalt på Fornebu, slik at transport av masser inn og ut av området blir minst mogeleg.

Å realisere målet om maksimalt gjenbruk føreset blant anna at ein kan dokumentere at den gamle asfalten og betongen innfrir kvalitetskrav for å kunne brukast i nye anlegg. Det vart difor satt i gang eit FoU-prosjekt for nettopp å vise at gjenbrukt asfalt og betong innfrir kvalitetskrava. I prosjektet «Forsøksveg på Fornebu» vart det lagt ein 210 meter lang forsøksveg langs den gamle rullebana med knust asfalt og betong som vegmateriale. Denne vegstrekninga var trafikkert i to år, der tilstandsutvikling og bæreevne vart fulgt opp. I tillegg er det gjort omfattande laboratorieprogram på dei gjenvinningsmassene som vart brukt. Konklusjonen frå prosjektet er at massene har god motstandskraft mot deformasjon og spordanningar i vegbana, og at stabiliteten også aukar dei første åra etter utlegging.

På grunnlag av resultata frå dette FoU-prosjektet har Statens vegvesen godkjent bruk av gjenbrukte masser i utbygging av vegar, noko som har gjort det mogeleg å gjennomføre målsetjinga om mest mogeleg gjenbruk av overskotsmasser frå Fornebu. Sommaren 2001 vart den første parsellen av ny Snarøyveg bygd, der gammal Fornebu-asfalt er brukt som vegmateriale.

I tillegg til det miljømessige ligg det også ein økonomisk innsparing i å nytte knust asfalt som erstatning for tradisjonelle materialer. Å erstatte varmproduserte asfaltmasser i bærelaget i vegen med eit tjukkare lag av knust asfalt kan redusere kostnadene for bærelaget med opp til 40 prosent. I tillegg kjem også reduserte transportkostnader ved å gjenbruke knust asfalt frå området. Potensialet er 80.000 lastebillass under utbygginga av Fornebu. .

Tekst: Jan Ivar Bøe
Ilustrasjon: Statsbygg


Leder

Tett på riksantikvar Nils Marstein og etatsdirektør Ellen de Vibe

Portrettet: Sjøfartsdirektør Rune Teisrud

Haugesund - film, jazz og sjøfart

Nytt håp for Villa Grande

Gaustadbekkdalen et kraftsenter

Arkitekturtriennalen 2003: Statsbygg viser mangold

Forsking og utvikling i Statsbygg [3]

Gjesteskribent [Nazneen Khan-Østrem]

Notiser

 
Til Statsbygg sine nettsider