Drift og forvaltning
Hovudoppgåva til eigedomsforvaltninga er å forvalte, drifte, vedlikehalde og utvikle eigedommane og å yte leigetakarane service for at dei skal kunne drive primærverksemda si slik dei ønskjer.
Ei viktig oppgåve er å yte hjelp i tidlegfasen i byggjeprosjekt, for å sikre at det blir lagt godt til rette for framtidig drift og vedlikehald. Det er utarbeidd rutinar og system som skal sikre at alle oppgåver innanfor eigedomsforvaltninga blir løyste og dokumenterte på ein rasjonell og einsarta måte.
Nøgde kundar
Den daglege drifta og nærkontakten med kundane er det driftspersonalet ved eigedommane som har ansvaret for. Ei kundeundersøking for eigedomsforvaltninga i 2003 viste at 65% er anten "fullstendig" eller "svært godt" nøgde med Statsbyggs eigedomsforvaltning.
Reinhald
Statsbyggs leigetakarar har sjølv ansvaret for reinhaldet i lokala dei leiger av Statsbygg. Reinhaldsutgiftene er den største einskildkostnaden av dei samla driftskostnadene. I bygg som ikkje har eit moderne opplegg for reinhald, kan reinhaldsutgiftene utgjere over 50% av dei samla driftskostnadene. Moderne metodar og godt planlagt opplegg for reinhald er viktig for å oppnå god kvalitet på reinhaldet, i tillegg til kostnadsreduksjonar.
Eigedomsforvaltninga ved faggruppe drift og vedlikehald kan hjelpe leigetakarane våre med å utarbeide eit reinhaldsopplegg og gi råd ved innhenting og behandling av tilbod/anbod på reinhaldstenester. Faggruppa kan også vere til hjelp ved utarbeiding av ein plan for avfallshandtering ved eigedommane.
Legionella
Legionella-bakterien kan forårsake sykdommen Legionellose, som er en smittsom sykdom med dødlighet vurdert til 5-30 %.
Statsbygg oppfordrer sine leietakere om å gjennomføre enkelte tiltak for å forebygge legionellasmitte. Les mer!
