Tiltak mot legionella. Informasjon til leigetakarane våre
Legionellabakterien kan gi sjukdommen legionellose, som er ein smittsam sjukdom. For dei som er smitta, er dødstalet vurdert til 5–30 %. Statsbygg oppmodar leigetakarane sine om å gjennomføre enkelte tiltak for å førebyggje denne sjukdommen.
Eksempel på slike anlegg er:
- kjøleanlegg med kjøletårn
- faste og mobile vaskeanlegg (høgtrykksspylarar, bilvaskeanlegg m.m.)
- dusjanlegg
- klimaanlegg med luftfukting, mindre flyttbare luftfuktarar
- fontener
Alle apparat og anlegg som kan spreie smitte, skal driftast og haldast ved like etter krava som er gitte i forskrifta. Med unntak av dusjanlegg skal anlegga òg vere melde inn til smittevernlegen i kommunen.
Føresetnader for utvikling av legionella
Legionellabakteriar finst i små mengder i vanleg drikkevatn i Noreg. Men for at legionella skal utvikle seg over akseptabelt nivå og utgjere ei farleg smittekjelde, må følgjande føresetnader vera til stades:
- vasstemperaturen må vere 12–60 °C
- bakteriane må få tilført næring gjennom biofilm (belegg), slam og/eller rust
- vatnet må spreiast i lufta i så ørsmå vassdropar (aerosolar) at dei kan pustast inn og på denne måten komme inn i lungene
Sparedusjar er eksempel på anlegg som dannar aerosolar, og der vasstemperaturen er i risikoområdet. Faren for bakterievekst er ekstra stor i stilleståande vatn, til dømes i dusjslangar og dusjhovud i dusjar som sjeldan er i bruk, fordi det her lett blir danna biofilm.
Framvekst av legionella kan skje i andre installasjonar enn dei som er nemnde over, så lenge dei tre føresetnadene for vekst er til stades.
Tiltak for å hindre utvikling av legionella
Tiltak for å førebyggje legionella er enkle å setje i verk. Varmebehandling med vatn over 60° drep bakteriane, og god reingjering av anlegga fjernar næringsgrunnlaget for bakterieframveksten. I tillegg bør alle unngå å bruke apparat og anlegg som gir finfordelte små vassdropar. Ta desse ut av bruk der det er mogleg.
Detaljerte krav til drift og vedlikehald, ettersyn, reingjering, desinfisering, prøvetaking m.m. for meir avanserte tekniske anlegg er spesifiserte i forskrifta.
Ansvarsfordeling mellom Statsbygg og leigetakar
Statsbygg har ansvaret for det faste tekniske anlegget til bygget, mens leigetakar har ansvar for eigne innretningar. Kvar verksemd har ansvaret for at eigne anlegg blir melde inn til kommunen, og at dei blir drifta utan fare for helseskade eller -ulempe.
Oppfølging og kontroll
Statsbygg har som mål at ingen leigetakarar skal vere utsette for smitterisiko på arbeidsplassen sin. Vi har meldt inn alle dei meldepliktige anlegga våre til dei ulike kommunane, og vi har etablert gode rutinar for oppfølging og kontroll.
Vi hjelper gjerne leigetakarar med å melde inn anlegga sine, og vi hjelper om ønskjeleg òg til med å få etablert riktige drifts- og vedlikehaldsrutinar.
For råd og hjelp ta kontakt med Statsbygg sin driftsleiar på eigedommen, eigedomsforvaltar eller overingeniør Jørgen Waage, tlf. 22 95 42 42.