Statsbygg, region Midt-Noreg forvaltar ein eigedomsmasse på omtrent 306 000 m². Eigedommane ligg i fylka Nordland (nord til Bodø), Sør- og Nord-Trøndelag, Møre og Romsdal i tillegg til éin eigedom i kvart av fylka Oppland og Hedmark.
Her blir eit utval av desse eigedommane viste, frå den vesle Harvasstua langt inne i Børgefjell nasjonalpark til det moderne depotbygget ved Nasjonalbiblioteket i Rana. Med den største porteføljen av kulturhistoriske eigedommar i landet har Statsbygg, region Midt-Noreg òg ansvar for Stiftsgården, det største trepaleet i Norden frå 1778, den enda eldre Kongsvold Fjellstue frå 1720, Munkholmen frå 1707 og Austråtborgen frå 1654–56.
Vel eigedom:
Vel eigedom eller by på kartet.
Liste over eigedommar
Søk:
Eigedomstypar:
barnevernsinstitusjon (16)
fengsel (7)
fjell- og øydestove (1)
kongeleg eigedom (1)
kultureigedom, museer o.l. (6)
offentleg adm. og tenesteyting (10)
tinghus (2)
tollstad (2)
undervisning og forskning (17)
veg- og trafikkstasjon (10)
annan eigedom (9)
Kontakt:
Region Midt-Noreg
Erling Skakkesgate 66,
Postboks 4433,
7418
Trondheim
Tlf: 815 55 045,
Fax: 73 99 38 01