Universell utforming i Statsbygg
Statsbygg har som ei overordna målsetjing at alle nybygg, eksisterande bygningar og uteområde skal vere i samsvar med prinsippa om universell utforming. Vi kartlegg eksisterande bygningar og gjennomfører tiltak med sikte på å tilretteleggje dei best mogleg for alle.
|

|
Statsbyggs handlingsplan I mars 2007 vedtok Statsbygg en ny handlingplan for universell utforming. Siktemålet er å vidareføre og systematisere arbeidet med lettare tilkomst i nye og eksisterande bygningar som Statsbygg har ansvaret for. Les meir om handlingsplanen. |
|

|
Universell utforming i eksisterande bygningar Statsbygg forvaltar over 1500 eigedommar, og mange av dei er sette opp før det kom krav om universell utforming ved planlegging av bygg. Les meir om korleis Statsbygg arbeider med å leggje til rette for betre tilkomst i eksisterande bygningar. |
 |
Bygg for alle. Statsbygg har dei seinare åra gjennomført ei omfattande registrering av tilkomsten i bygningane sine. Systemet Bygg for alle skal gi Statsbygg ei betre oversikt over tiltak som må gjennomførast for å betre tilkomsten i bygga. Les meir om Bygg for alle. |
|

|
Universell utforming i nye bygg Statsbygg hadde i 2006 om lag 124 byggjeprosjekt i ulike fasar. Krav om universell utforming finst i kravspesifikasjonar, dvs. i byggjeprogram, prosjekteringsrettleiingar og ytingsspesifikasjonar. Les meir om korleis Statsbygg arbeider med å leggje til rette for universell utforming i nye bygg. |
 |
Universell utforming av uteområde Landskapsarkitekt i Statsbygg arbeider blant anna spesielt med universell utforming. I mange nyare prosjekt er det lagt vekt på at det skal vere lett tilkomst for alle, sjølv om omgrepet universell utforming ikkje kom i bruk før i seinare tid. Eit eksempel på dette er Pilestredet Park-prosjektet. |
 |
Lenker Nyttige lenkjer til fagmiljø som jobbar for lettare tilkomst til bygningar. |