Historikk
Gangen i byggjesaka
Bygningsbeskriving
Prosjektadm. & økonomi
 
 
 

Bygningsmessig beskrivelse

1 Situasjonen 6 Interiør 11 Bygningsmas.
2 Utforming 7 Byggjeteknikk 12 Beresystem
3 Planløysing 8 Kunst. utsmyk. 13 Yttervegger
4 Areal 9 Uteanlegg 14 Dekke
5 matr. & farger 10 Byggjeteknikk 15 Yttertak

Situasjonen
Då Distriktshøgskulen og Lærarhøgskulen blei omorganiserte til ei eining, var det ønske om at dei ulike høgskolebygningane skulle
knytast sterkare saman. Det nye fellesbygget for Høgskolen er lokalisert til Røysmarka som ligg mellom den tidlegare Distrikts-høgskolen og Lærarhøgskolen.

Det nye fellesbygget ligg inntil og blir ein del av det naturlege gang-sambandet som knyter dei eksisterande høgskolebygga saman. Det nye bygget med viktige fellesfunksjonar får eit likeverdig forhold til dei to tidlegare høgskoleanlegga, og blir ein viktig møtearena for alle som er tilknytta Høgskulen.

Tomta er svakt skrånande mot sør og grensar inn mot Røystunet, som har gardsbygningar og store, karakterfulle tre. Integreringa av
bygning og landskap er understreka ved at større, lukka bygnings-volum ligg delvis nedgravne i skråninga mot nord. Mot sør får
andre funksjonar fullt utbyte av den storslegne utsikta, god terreng-kontakt og rikeleg med dagslys.

Framplassen og hovudinngangen til fellesbygget er lagt mot aust der det er opparbeidd ny hovudveg og parkering for Høgskulen.

tilbake

Utforming
Den naturlege ganglinja mellom dei tidlegare skuleanlegga blir ført gjennom og dannar livsnerva i det nye fellesbygget. Alle dei for-skjellige funksjonane og tilboda til bygget grensar mot det sentrale lineære torget.

Utforminga av bygget er prega av det lange midtbygget med til-liggjande bygningskroppar. Midtbygget rommar kontor og
mindre undervisningsrom. Bygningskroppen mot nord rommar bibliotek over to etasjar og to auditorium, som er delvis nedgravne i
terrenget. Mot sør ligg felles kantine som eit ope og lyst areal med god kontakt til det indre gangsambandet og openheit mot land-skapet og uteareala.

tilbake

Planløysing
U.etasje
Tekniske rom/Personalrom/Toalettanlegg/ Garderobe med ope samband til 1. et.

1. etasje
Gangstrøk/Kantine/Kjøken. Fellesareala har delvis ope samband til messanin i 2. et. Bibliotek/Auditorium/Undervisningsrom/ Resep-sjon/Studentvelferd har god tilgjengelegheit frå fellesområda og gjev gode moglegheiter for sambruk. Biblioteket fordeler seg på to etasjar og har eige ope internsamband med overlys.

2. etasje
Større felles undervisningsrom/Faglærar-kontor for Humanistisk avdeling og Ivar Aasen-instituttet.

3. etasje
Administrasjon, IT-avdeling og større undervisningsrom/kollokvie-rom.

tilbake

Areal
Bygget har eit bruttoareal på ca 8 000 m2

Fordeling av nettoareal:  
Sentraladministrasjon 500 m2
Driftsfunksjonar 35 m2
Kjøken/sentralkantine 720 m2
Bibliotek/lesesalar/grupperom 1685 m2
Teoriarbeidsplassar/lesesalar 290 m2
Felles spesialrom 480 m2
Studentvelferd 305 m2
Humanistiske fag 680 m2

tilbake

Materialbruk og fargar
Under terreng er det brukt plasstøypte konstruksjonar. Synlege betongflater er måla. Utvendig er alle støypte konstruksjonar
forblenda, pussa og måla.

Utvendig kledning i midtbygget er utført som ståande vestlands-panel i ubehandla lerk Brystningar og større veggfelt i fasadar er
utførte med sink bandtekking. Enkelte veggparti er utførte med lappskifer som lufta kledning. Alle vindauge og dører er i beisa furu med lerk glaslister.

Utvendige himlingar er utførte med olja kryssfiner. Dei skrå tak-flatene er ein viktig del av byggets uttrykk og er bandtekt med sink som vil få ein patina som samsvarer med den ubehandla lerke-kledninga. Flate tak er bygde som varme tak med innvendige ned-løp. Folietekkinga er dekt med singel/elvegrus. Innvendige vegger er utførte som gips på stålstenderverk. Innvendige himlingar er utførte som plassbygd gipshimling og demonterbar gipshimling med skjult oppheng.

I tillegg til å skape variasjon og trivsel er fargar bevisst brukte for å forklare arealbruken i bygget. Fellesområda og vertikale kommu-nikasjonsårer er skilde ut med kraftigare fargar som harmonerer med utvendige fargar og materialbruk.

tilbake

Interiør
Innvendige fellesareal legg til rette for uformell kontakt og meinings-utvekslingar. Omsynet til dette har vore grunnleggjande for val av løysingskonsept. Auditorium, bibliotek og fellesareal har ein heil-skapleg material- og fargebruk.

Vrimleareal i 1. et. og messanin har fått ein større grad av detalj-rikdom gjennom romlege kvalitetar og synlege konstruksjonar som ein viktig del av uttrykket til interiøret.

tilbake

Kunstnarleg utsmykking
Det blei oppnemnt eit eige utsmykkingsutval for prosjektet. Kåre Groven har vore koordinerande kunstnarleg konsulent. Utvalet engasjerte Per Inge Bjørlo til den kunstnarlege utsmykkinga.

Utsmykkinga omfattar eit relieff og ein frittståande skulptur utført i rustfritt syrebehandla og sandblåse stål.

Skulpturen ser ut til å oppheve tyngdekrafta der han så vidt svevar over grastoppane medan han vender seg utover mot det opne
landskapet. Skulpturen er plassert slik at han kan opplevast både utanfrå og innanfrå bygget, og då spesielt frå kantineområdet.

Utvalet håpar at utsmykkinga vil gjere miljøet rikare både for skolen og nærområdet.

tilbake

Uteanlegg
Uteanlegget omfattar opparbeiding av grøntanlegg med interne gangvegar og parkeringsareal. Frå fylkesvegen er det opparbeidd ny hovudveg med uteplass og parkeringsplassar.

Det sentrale gangsambandet på området kryssar bekken Djupe-grova. Her er det etablert ein vasspegel og eit "fossefall" som
viktige element i uteanlegget. Terrenget rundt bygget er elles tilpassa det naturlege terrenget og tilsådd som eng.

Opparbeidde uteplassar i tilknyting til kantine og inngangsparti har mykje skifer og granitt. Granittblokker er til dels brukte som
skulpturelle former. Rundt parkeringsanlegget er det tre, delvis i rekke mot hovudinngangen. Elles i landskapet er det planta tre i grupper.

Delar av avvatningssystemet er utførte som overvasshandtering i renner av granitt med singel.

tilbake

Byggjeteknikk
Grunnarbeid og fundamentering

Grunnen har siltig morenemasse i varierande tjukkleik over fast fjell. Fundament for søyler og berevegger er plasserte direkte på grunn
eller på undersprengt fjell.

Geoteknisk rapport fortel at grunnvass-standen er høgare enn kjellargolv. Det er derfor lagt inn eige drensystem med pumper
for å hindre at vasstanden skal stå permanent over lågaste golvnivå. Konstruksjon er dimensjonert for oppdrift om pumpene skulle falle ut.

tilbake

Bygningsmassen
Konstruksjonsmaterialar
Dei berande konstruksjonane i bygningen er hovudsakleg laga av plassbygd betong eller prefabrikerte betongelement. For delar av
desse elementa er stål brukt som bering. Stålkonstruksjonar er brukte som bering av delar av takkonstruksjonane.

Det nye høgskulesenteret har ein bygningskropp. Bygget kan delast opp i tre delar, både med omsyn til materialval og beresystem.
Desse tre delane er:
- kantine/kjøken
- høgbygg
- bibliotek/auditorium

tilbake

Beresystem
Kantine/kjøken med skråtak og låg høgde ved yttervegg, gjev behov for ein slank berekonstruksjon i taket. Det er valt runde
stålsøyler i midten av rommet og rambukkar langs yttervegg. Mellom oppleggspunkta blir taket halde oppe av «takstolar» av stål. I overgangen til høgbygget kviler takstolane på prefabrikerte betongsøyler.

Høgbygget er med si regelbundne form eigna for prefabrikerte element. Hovudskjellet har runde prefabrikerte søyler og z-bjelkar. Søylene er plassert med c/c 4,8 m. Spennvidda for holdekka varierer med lengde frå 9,6 m til 11,1 m.

For delar av andre etasje er konstruksjonen utført som plasstøypt. Dette kjem av utkraga messanin.

For å halde etasjehøgdene så låge som mogleg, mogleggjere fram-føring av tekniske installasjonar og samtidig minimalisere talet
på søyler, blei dekket i biblioteket valt utført som etterspent plass-tøypt dekke. Søyler og yttervegger er utførte som slakkarmert betong.

tilbake

Yttervegger
Vegger mot terreng
For vegger under terreng er det brukt plasstøypt betong. Tjukk-leiken på veggane er i hovudsak 200 mm med auke til 250-300 mm i område med store horisontale og/eller vertikale spenn.

Innervegger
For å ivareta stabiliteten i bygget er delar av innerveggane plass-tøypte. Tjukkleiken er i hovudsak 200 mm med enkelte vegger på 250 mm. Alle tre sjaktene og vegger i inngår i avstivingssystemet. Alle sjaktene er utførte i betong.

tilbake

Dekke og trapper
Elementdekke
Med unntak av dekke i bibliotek, messanin, grupperom og dekke av underetasje, er det brukt heldekke. Dekka har tjukkleik som
varierer frå 200 mm til 400 mm, avhengig av spennvidde og belast-ning. Nyttelast er i hovudsak 2 kN/m2 med lokal heving til 8 kN/ m2 i område med arkivskåp. Alle holdekka er avretta med sjølvutjamnande sparkelmasse.

Plasstøypte dekke
Dekke over underetasjen og messanin er utførte i slakkarmert betong. Tjukkleiken er i hovudsak 250 mm. Plasstøypte dekke blir
borne anten av veggskiver eller dragarar/ søyler. Dekka i første etasje i høgbygget har i tillegg armert påstøyp, 65 mm, for golv-varmerør.

Golv på grunn
Golv i kantina, delar av høgbygget og biblioteket er utførte som nettarmert, isolert betongplate på mark. For høgbygget og
kantina er det i tillegg påstøyp for golv-varmerør. Platetjukkleiken er 100 mm med unntak for biblioteket der det er valt 120 mm
på grunn av auka nyttelast (8 kN/m2 ). Påstøyp, nettarmert, har tjukkleik 65 mm. Golv i kjellaretasjen er utført som plate, 300 mm med lokal tjukkleik auka til 600 mm under søyler/vegger. Dette var nødvendig for å sikre stabilitet/kapasitet mot utvendig vasstrykk.

Spesielle dekkekonstruksjonar
Alle trappeløp og reposar er utførte i plass-støypt betong. Dekke i store auditorium er også utførte i plasstøypt betong, med helling
18,4°. Over skrå betongplate er det bygd opp beresystem i stål for golv av tre/parkett.

Etasjeskilje i biblioteket er utført som etterspent, plasstøypt dekke. Tjukkleiken på dekka er 300 mm med vouter med opplegg.
Største spennvidde er 7,2 m i begge retningane. Det er lagt inn spennkablar i begge retningane.

tilbake

Yttertak
Med ønske om søylefritt rom mellom yttervegg i høgbygget blei det valt takstolar av stål. Takstolane spenner mellom søyler av prefa-brikert betong, og spennvidda varierer frå 9,6 m til 11,1 m, det same som for holdekka. Tak er utforma som kaldt, lufta tak. Tak over auditorium og seminarrom er laga av holdekke. Dekketjukk-leik varierer frå 200 til 400 mm, avhengig av snøbelastning og
spenn. For biblioteket blei det brukt same bering for taket som for etasjeskilje, etterspent plasstøypt betong. Både tak over bibliotek og seminarrom er varme tak med fall mot innvendig taknedløp. Takstolane i kantina har overgurt av H-profil, strekkstag av rundstål og trykksteg av holprofil.

Alle koplingar er spesialutforma anten som sveisa løysingar eller gjengde standard-detaljar. Heile stålkonstruksjonen med unntak av overflens/steg i overgurt er synleg. Stabilitet blir vareteke med horisontalt vindkryss i isolasjonssjiktet og vertikalt vindkryss og veggskive av betong.

Taket er bygt som lufta, kaldt tak. Taket har tre forskjellige nivå, tilsvarande golvnivåa i kantine/kjøken.

tilbake