Historikk
Gangen i byggjesaka
Bygningsbeskriving
Prosjektadm. & økonomi
 
 
 

 

Historikk

Høgskulen i Volda vart oppretta 1. august 1994 ved samanslåing av tidlegare Volda lærarhøgskule og Møre og Romsdal distrikts-
høgskule, Volda. Volda har fortid som skulestad frå 1800-talet. Lærarutdanninga feira 100-års jubileum i november 1995.
Distriktshøgskuleutdanningane kom igang i 1970, og hadde tett oppunder 25 års driftstid ved samslåinga. Etter sterk ekspansjon av begge høgskuleutdanningane frå slutten av 1980-åra var registrert
studenttal 2 250 pr august 1994, og ved studiestart august 1998 er studenttalet om lag det same.

Dette tilbodet ved høgskulen går fram ved dei 4 avdelingane som har i alt 44 studieprogram fordelt på grunnstudium og påbyggings-studium. Høgskulen har 193 faste stillingar og 13 oppdrags- og bistillingsheimlar. Over 240 personar er dagleg sysselsatt i, eller
i tilknytning til, høgskulemiljøet.

Forhistorie
Høgskuleutdanning kom i gang i Volda då prøvedrift vart sett igang ved Møre og Romsdal distriktshøgskule, Volda i 1970/71. Volda sitt skulemiljø var då kraftig utvikla ved landsgymnas og andre tilbod på dette nivå. Høgskuleutdanning følgde så ved at tidlegare Volda lærarskule, frå 1973 som pedagogisk høgskule og i 1980 som Volda lærarhøgskule, gjekk inn i den nasjonale høgskule-gruppa. Lokalisering av eine avdelinga av Møre og Romsdal distrikts-høgskule i Volda i 1969 var sterkt påverka av at lærar-utdanninga alt var etablert i Volda. Distriktshøgskulen starta opp i Volda hausten 1970 og var i prøvedriftsperiode fram til 1976. I prøvedriftsperioden skjedde det vesentlege endringar av sam-arbeidsrelasjonane nasjonalt mellom etablerte lærar(høg)skular og distriktshøgskular under nyetablering. I denne perioden arbeidde
Dh-skulen i Volda seg også fram frå avdeling med felles budsjett og administrasjon med Dh-Molde, til institusjon med eige budsjett og
administrasjon.

tilbake

Etter ei periode med innskrenka samarbeidsønster mellom lærar-høgskular og distriktshøgskular som varde til slutten av 1980-åra,
og prosessen i Volda vart på fleire område mønster for fleire av dei 26 konsoliderte høgskulemiljø som sto fram frå 1. august 1994.

Pionertiltak/Viktige milepælar
Volda sitt skulemiljø har ei rekkje merke-datoar både frå perioden som privat lærarskule fram til 1924 og i tidsromet seinare. Av milepælar som kan nemnast er oppretting av Førskulelærarutdan-ninga, først i Ørsta frå 1971 og vidare i Volda frå 1983. Medie-utdanninga var eit pionertiltak ved den første lokalradio på lufta i 1973, seinare også med lokalt fjernsyn. Øvrige høgskuletilbod av fag- og yrkesutdanningar har også hatt mange innslag av pionertiltak utvikla i høgskulemiljøet i Volda.

tilbake

Høgskulen sine bygningar
Oppføringa av Lærarskulen sitt murbygg på 2 570 kvm i 1922 på Halkjelsvik si vestgrense var i si tid utan tvil eit bygningsmessig
storprosjekt på landsbygda. Ein hadde då få tilsvarande bygg utanom byane. I land-distrikta var mest berre kyrkjebygg på finne
som murbygg av denne storleik. Også oppføringa av Idrettsbygget tilknytt Lærarskulen på ca 4 000 kvm i 1962 var eit bygningsmessig stortiltak i Volda. Dette bygget ligg i Engeset. Desse to bygnings-kompleksa, på kvar si side av Skjervavegen, var ein solid base for drifta av Volda lærarskule i vegkrysset omtala som Lærarskule-krysset. Og med eit tilbygg i 1984 på ca 2 230 kvm vart det offentleg uttala at Lærarskulen hadde nok bygningar ut århundret.

Etter ein lokaliseringsdebatt der ei fåtal alternativ var inne, skaffa Volda kommune i 1970 tomt til Distriktshøgskulebygg og førde
også opp bygg noko lenger aust, ved krysset Sjukehusvegen - Anders Vassbotn vegen. Første bygget var på ca 2 300 kvm og var ferdig hausten 1971. Eit bygg til på ca 4 000 kvm, også oppført ved krysset omtala som Sjukehuskrysset, sto ferdig i 1984. Dette
bygget vart oppført som eit sameige mellom Volda kommune og Norges Brannkasse/Uni forsikring. Desse bygga var hovudtilhaldet
for Distriktshøgskulen i Volda.

tilbake

Nybygget
Som det vil gå fram var bygningsmessig underdekning ein moti-verande faktor ved samanslåing til ein høgskule i Volda. Lokalise-ringa av bygget var i hovudsak også innlysande når aksen Sjuke-huskrysset/Lærarhøgskulekrysset, etter positiv medvirkning av Volda kommune, kunne utnyttast. Det nye bygget på 7 980 bto kvm står no ferdig og gir plass for bibliotek, kantine og samskip-nadslokale, humanistisk avdeling, dataavdeling og høgskulen sin felles-administrasjon. Særlig for studentsamskipnaden vil denne lokali-seringa by på store fordelar ved at samskipnaden no blir lokalisert direkte i studentmiljøet.

Med ei tomt på ca 25 mål knyter dette bygget samen eit høgskule-område på ca 80 mål. Det nye bygget står fram som den tredje
bygningsmessig konsentrasjon med nokså nær den same mengd bygningsareal som dei to tidlegare bygningsområda. Avstanden
mellom nybygget med namnet Berte Kanutte-huset og dei to tidlegare bygningskompleksa er ca 130 m i kvar retning. Dette
gjer at vi no får ein samanhengande bygningsmasse ved høgskulen.

tilbake