|
Gangen i byggjesaka
Statsbygg gjennomførde i 1999 – på oppdrag frå dåverande Kyrkje, utdannings-, forskingsdepartementet (KUF) – ein konkurranse for å få leigetilbod frå private eigedomsaktørar.
Styret for Høgskulen i Sogn og Fjordane avlyste konkurranse
da ingen av dei tre tilboda var interessante. Styret gjekk inn for
ei utviding av skulebygget på Vie.
Statsbygg fekk i brev av 3. mai 2001 i oppdrag av KUF å starte arbeidet med å prosjektere eit nybygg knytt til hovudbygget på
Vie. Nybygget skulle samle Avdeling for helsefag. Arealramma for tilbygget var 2.103 m2, og husleiga skulle ikkje vere høgare enn
3,6 mill. kroner i året.
Statsbygg fekk i brev av 30.11.2001 frå KUF i oppdrag å utvide byggeprosjektet på Vie slik at det også kunne inkludere areal for ingeniørutdanninga. Arealramma for tilbygget vart auka til 3603 m2 og ramma for kostnadsdekkjande husleige vart auka til 6,1 mill. kroner per år (prisnivå 15.01.2001).
>> til toppen
I kontaktgruppemøte 8. mai 2002 vart det vedteke at prosjektet skulle førast fram til forprosjekt ut frå framlagt rom- og byggje- program for å få eit tryggare grunnlag for kostnadsutrekningane. Byggjeprogram (versjon 1.2) vart vedteke.
Prosjekteringsgruppa vart kontrahert i september 2002 etter ein tilbodskonkurranse. Skisseprosjektet vart lagt fram for kontakt- gruppemøte 30. januar 2003. Fordi romprogrammet var vanskeleg å tilpasse den opphavlege bygningen, vart bruttoarealet for stort. Skisseprosjektet måtte reviderast med sikte på redusert areal og kostnader. Revidert skisseprosjekt vart lagt fram for kontaktgrup- pemøtet 12. mars 2003 og godkjent for vidareføring til forprosjekt med den føresetnaden at det skulle gjerast kostnadsreduserande tiltak.
Forprosjekt vart levert i mai 2003. Usikkerheitsanalyse av forpro- sjektet i juni 2003 la grunnlaget for framlegg til kostnadsramme. Forprosjektet vart i kontaktgruppemøtet 30. juni 2003 godkjent
for vidareføring. Detaljprosjekteringa tok til i august 2003.
>> til toppen
Søknad om rammeløyve vart godkjend av Førde kommune i sep- tember 2003 på det vilkåret at det vart vist parkeringsdekking på 150 plassar på eigen eigedom eller ved avtale om areal i rimeleg avstand. Det vart kravt at 131 skulle opparbeidast samtidig med bygningen.
Byggjeleiar vart kontrahert 2. februar 2004
etter ei open tilbods- tevling. Byggjeleiar
hadde òg rolla som ansvarleg samordnar etter plan- og bygningslova. Framdrift vart styrt av hovudentreprenøren (bygg).
Byggjearbeidet vart gjennomført med seks entreprisekontraktar. Tilbod vart henta inn etter tilbodstevlingar. Fem entreprisar vart sende ut på tilbodstevling 19. desember 2003 med innleveringsfrist 28. januar 2004. Dei fyrste kontraktane vart underteikna i mars 2004. Den 21. mars 2004 godkjende kommunen søknaden om å setje i gang arbeida. Leigekontrakten vart underteikna av høgskulen 14. april 2004. Byggjearbeidet starta i april 2004.
Byggjearbeida var ferdige sommaren 2005, etter planen. Ferdig- attest frå Førde kommune er dagsett 5. juli 2005. Dei tilsette flytte inn i bygningen i juli 2005, medan studentane kom i august. For dei tekniske entreprisane var det avtalt prøvedrift. Overtaking etter prøvedrift våren 2006.
>> til toppen
Rehabilitering
Rehabilitering av den opphavlege bygningen er i utgangspunktet ei intern sak for Statsbygg som eigar. Samstundes var det behov for omfattende oppgraderingar som da vert leiegenerande tiltak. I brev av 26. april 2005 frå KUF ble dei det stadfesta at dei samla hus- leigekostnadene for nybygg og oppgraderingsprosjektet ikkje skulle overstige kr 7,0 mill.
Den same prosjekteringsgruppa blei hyra til å prosjektere arbeida. Forutan oppussing av alle overflater vart det installert vassbore varmeanlegg og nytt luftbehandlingsanlegg. Det elektriske anlegget er modernisert og nokre av areala er bygt om. Arbeidet vart delt opp i fire entreprisar. Tilbod vart henta inn etter tilbodstevlingar. Byggjearbeida blei utført frå august til desember 2005. Dei nyop- pussa lokala vart tekne i bruk ved semesterstart 2006.
>> til toppen
|