|
Bygningsomtale
Konseptet
I forprosjekt til nybygg for høgskulen si avdeling i Førde er det
teke utgangspunkt i utfordringane byggjeprogrammet baud på, i tillegg til ynsket om å tilføre staden og skulen ein del kvalitetar
som kan vere med og gjere denne avdelinga til eit samla og fram- tidsretta læringsmiljø på tvers av fagskilja. Aktivitetane på skulen blir synleggjorde gjennom fokusering på menneskeleg aktivitet og samhandling. Tanken med prosjektet er at studentar ved dei to avdelingane skal få ferdast i dei same areala og nytte
dei same undervisningsromma og studieareala så mykje som råd. Dette skaper eit godt læringsmiljø og sosialt miljø, og verkar identitets- skapande for både studentar og tilsette. Nybygget og den opphav- lege bygningen legg til rette for fleksibilitet, slik at ein lettare kan utvikle pedagogiske idear og endre fagtilbod etter som behova skifter.
>> til toppen
Stode
Den opphavlege sjukepleiarskulen, eller Avdeling for helsefag, ligg på ei slette ved elva, like ved sentralsjukehuset. Frå tomta er det praktfull utsikt i alle leier, og tomta ligg i eit veldefinert landskaps- rom med tydelege avgrensingar i form av fjell og utbygde strukturar – fyrst og fremst sjukehusbygga. Bygningen som hyser Avdeling for helsefag, er frå 1976 og er eit typisk døme på institusjonsbygginga frå den tida, og sjukehuset har mykje av same formspråk og mate- rialbruk. Betongbrystningar og fasadeplater i kopar dominerer fasadane, og dette står i kontrast til den frodige naturen. Områda kring sjukepleiarskulen og sjukehuset er dominerte av elvedelta, frodige jordbruksområde og belte av tett lauvtrevegetasjon mot elva. Nybygget tek vare på kvalitetane ved bygningen og naturen som alt er der, og aukar naturkvalitetane ved å trekkje dei inn i bygningen visuelt, særleg i hovudkommunikasjonsaksane.
>> til toppen
Planløysing
Nybygget omfattar to volum og ei samanbindande gate som òg knyter kontaktar til den opphavlege bygningen. Den lange byg- ningskroppen langs vegen vidarefører fasaderetninga til den opp- havlege bygningen og legg seg parallelt med tilkomstvegen. Denne
vegen fører vidare ned til delar av sjukehuset og til fleire nyare in- stitusjonsbygningar som er oppførde parallelt med bygningane til høgskulen. Bygningskroppen på nord- og vestsida av anlegget er
ei vidareføring av proporsjonane i den opphavlege bygningen og føljer terrenget på denne sida.
Den nye hovudinngangen ligg sentralt i langbygget, mot tilkomst- veg, og fører inn til den innvendige hovudgata og kommunikasjons- arealet. Herifrå kan ein få eit gløtt tvers gjennom bygningen mot vegetasjonsbeltet som skjermar området mot bruset og væta frå elva. Gata blir hjarta i anlegget, ein sentral møteplass og eit krys- singspunkt for kommunikasjon med dei ulike avdelingane og om- råda. Gata knyter nybygg og den opphavlege bygningen saman,
og er den mest aktive delen av læringssenteret. Gata glid over i kantineareal mot vest og mot utsikta, der ein på godvêrsdagar kan nyte lunsjen på terrassedekket utanfor kantina. Vegg i vegg mellom kantine og gate/inngangsparti ligg læringssenteret, med felles opne arbeidsareal for data og gruppearbeid, og med biblioteket lett tilgjengeleg. Områda og kantinen tilfører kvarandre kvalitet ved å opne for for fleksibel sambruk.
>> til toppen
Undervisningsrom
Nybygget inneheld to auditorium, eit med 104 og eit med 80 plassar. Det største auditoriet har ekstra takhøgd. Begge auditoria har skrå, reflekterande himling over talarplassen og veggmonterte akustiske demparar på bakveggen. Begge auditoria har polstra stolsete. Stolane er monterte i oppsteg og har faste skriveplater.
Det er to allmenne undervisningsrom/klasserom i nybygget. Det
eine er innreidd med slakt oppbygt golv som amfi, sidan det ligg ved eit sjukepleielaboratorium. Det skal òg vere råd å trille inn sjukeseng og undervise i dette rommet. Det andre klasserommet blir fleksibelt, laust og vanleg innreidd, og kan nyttast med ulike pedagogiske undervisningsmodellar. Det har faldevegg slik at det kan delast inn i to åtskilde seminarrom. Begge klasseromma har nedsenka himling som delvis kan demonterast om det trengst.
>> til toppen
Læringssenter/bibliotek
Læringssenteret ligg i fyrste høgda nær hovudinngangen, tett knytt
til gata, som er hovudferdselsåra og den sosiale møteplassen på skulen. Læringssenteret inneheld ulike funksjonar: bibliotek med boksamling, kontorfunksjonar og tidsskriftsamling i tillegg til data- arbeidsplassar og ei rekkje grupperom i ulik storleik. Gruppe- arbeidsplassane i senteret er plasserte nær kantina med tanke på sambruk og fleksibilitet begge vegar.
Biblioteket er delt opp i to ulike areal med boksamling og tids- skriftssamling på plan 1 midt i læringssenteret og med trappesam- band ned til eit areal i sokkelhøgda som er meir magasinprega og tettmøblert, men likevel publikumstilgjengeleg.
>> til toppen
Spesialrom
Sjukepleielaboratoriet er ei eiga eining innanfor undervisningsareala. Krava til samanhengar mellom ulike rom og funksjoner er kom- plekse, og laboratoriet fungerer som ein modell av ei sjukehus- eining. Her bruker ein uniform når ein arbeider, og det er lagt til rettes for realistiske arbeidssituasjonar. Området ligg i andre høgda, med tilgjengelege undervisningsrom utanfor låse- eller kontrollsona til laboratoriet. Desse undervisningsromma kan dermed òg brukast av andre.
Skulen rommar òg ei rekkje ulike datalaboratorium og andre labo- ratorium, særleg for ingeniørstudentane. Nettverkslaboratorium og to datalaboratorium med førebuingsrom ligg i fyrste høgda i nybyg- get, nær auditorium, kantine og hovudinngang. I dette området ligg òg felles kjemi- og fysikklaboratorium med førebuingsrom.
>> til toppen
Administrasjon
Det er bygt ny ekspedisjon, nytt postmottak og nytt kontor for studentrepresentantar i det sørvestre hjørnet av den opphavlege bygningen, der gata i nybygget knyter seg til det opphavlege byg- ningsvolumet. Kontor for pedagogisk personale er samla i andre høgda i det lange volumet i nybygget, med sjukepleielaboratorium og undervisningsrom på den andre sida av det opne rommet ned
til gata. Avdelinga har ei rekkje cellekontor og nokre teamkontor attåt skrivarrom, møterom, it-kontrollrom og servarrom.
Kantine
Høgskulen har ei felles kantine for alle brukarar i enden av ”gata”. At kantina ligg så nær gruppearbeidsplassar og læringssenter opnar for fleksibel sambruk til dømes ved større arrangement der mange menneske skal ha servering, og ein kan eventuelt skjerme området frå det generelle kantinearealet.
Tekniske rom
Nybygget har to åtskilde ventilasjonsrom som forsyner kvart sitt hovudvolum. Ventilasjonsromma ligg på taket. Dermed er det øvre volumet over gata fritt for kanalar. Andre tekniske rom er plasserte i sokkelhøgda.
>> til toppen
Materiale
Yttervegger
Yttervegger i sokkelhøgda er bygde av isoblokk og innvendig iso- lert lettklinkerblokk. Overflata på lettklinkeren er pussa og måla. Innvendig isolasjon med gipsplate er sparkla og måla. Vegger over terreng er teglforblenda til ca. 50 cm under terreng. Yttervegger rundt ventilasjonsrom på tak er av isolerte sandwichelement, med ytterkledning av metallplater med horisontale profilar.
Generelt er det nytta aluminiumsmantla, vakuumimpregnerte tre- vindaugo av furu. Utvendige aluminiumsprofilar er pulverlakkerte
frå fabrikk i ein lys grå RAL-farge. Same farge er nytta på alle vindaugo. Innvendige karmar, fôringar og listverk er kvitmåla.
Alle opningsvindaugo er innslåande, rammene kan låsast i lufte- stilling.
I større vindaugsfelt er det innslag av tettfelt i form av sandwichkonstruksjonar med herda, farga glas utvendig, hard- pressa mineralull inni og gipskledd innervegg. Glas er herda eller laminert i brystningsfelt og der brannsikringa krev det. Dører er både i tre og i kuldebrubrotne aluminiumsprofilar. Det er terskelfrie løysingar i område som er allment tilgjengelege. Glas er herda eller laminert i brystningsfelt og dørblad.
Dei to undervisningsvoluma er forblenda med tegl. Dette stettar krava til branntryggleik og vedlikehaldsfridom. Ytterveggene langs ”gata” har for det meste glasfelt, men òg små veggfelt med band- tekking/beslag. Det er montert utvendige pulverlakkerte alumini- umspersiennar på vindaugo i sørog vestfasaden. Fargen er som på vindaugo utvendig og stålkonstruksjonane.
>> til toppen
Innervegger
Alle innervegger er førde opp mot overliggjande dekke for å stette lyd- og brannkrav. Innervegger er stort sett plassbygde bindings- verksvegger med gipskledning. Veggtypane skifter med brann- og lydtekniske behov. Ein del område har systemvegger med glasfelt.
Allment er det nytta tette massivdører, ev. med sidefelt i glas. Dører i systemvegg med glas har bjørkefinert overflate. Det gjeld fyrst og fremst dører til kontor, grupperom og møterom. Tette dører, inklu- dert dører til undervisningsrom, har overflate av laminat for å tole mykje bruk.
Innervegger er sparkla og måla, og kledde med glasfiberstrie der dei er utsette for slitasje. Innervegg mellom gata og langbygget er teglforblenda tilsvarande ytterveggen på langbygget. Med tanke på akustisk demping er det opne stussfuger, og demparar av mineralull er lagde inn bak tegllivet.
>> til toppen
Dekke
Allment er det valt slitesterkt linoleumsbelegg i alle undervisnings- og kontorrom. Linoleum er òg nytta i kommunikasjonsareal. Far- gane skifter og er med på å understreke skilnaden mellom kom- munikasjonsområde og opphaldssoner i større område. Golv i inngangsparti, i ”gata” og i kantina har fliser som toler slitasje og som understrekar at desse areala er primære kommunikasjonsak- sar i bygningen. Våtrom har vinylbelegg.
Himling er nytta der akustiske omsyn tilseier det, og der det er vik- tig for funksjonaliteten og det arkitektoniske uttrykket til rommet. Himlingane er stort sett gipshimlingar, demonterbare eller faste, med perforering etter behov. Kantine og våtrom har himlingar som er tilpassa desse krava.
>> til toppen
Utandørsanlegg
Det er lagt vekt på at utandørsanlegget skal fungere godt i samspel med aktivitetane inne i bygget. Tomta er ikkje stor nok til eit om- fattande parkanlegg, og føresetnadene for utandørsanlegget er avgrensa òg på andre måtar. Det er lagt vekt på desse momenta:
| • |
markering av hovudinngangen, og gode gangliner mellom parkeringsplass og inngang |
| • |
gode uteplassar i tilknyting til viktige aktivitetar innandørs og i høve til eksposisjon |
| • |
rasjonelt vegsystem i tilknyting til varelevering/ parkering |
Høgskulebygget ligg inntil elva Anga. Delar av området er utsett i tilfelle flaum, og i arealanalyse er det sett grenser for utnyttinga av tomta, markert med flaumgrenser. Difor er det ikkje gjort inngrep i området ned mot elva, og det er ein føresetnad at dette området får liggje mest mogleg urørt og ha preg av naturmark.
>> til toppen
Tilkomst/parkering
Det er totalt 123 utandørs parkeringsplassar, medrekna 22 ved
den opphavlege parkeringsplassen aust for bygningen. Opphavleg parkeringsplass i nordaust er utvida, og ny parkeringsplass er bygd på vestre del av tomta. Den store parkeringsflata er delt opp av vegetasjonsbelte med buskar og trerekkjer. Sykkelparkeringa er nær hovudinngangen.
Køyrbar tilkomst til parkeringsplass og inngang for varelevering er lagd til underetasjen, med inngang frå vestsida av nybygget. Til- komst for varelevering er dimensjonert for lastebil. Det er lagt inn ein grusa veg bak opphavleg bygning slik at brannbil kan kome til på nordsida av bygningen.
Reguleringsplanen for området viser at opphavleg (kommunal) veg skal flyttast ca. 13 m mot sør. Men i rammeløyvet for byggjepro- sjektet er det gjeve løyve til å nytte opphavleg veg som tilkomstveg.
>> til toppen
Parkanlegg
Utandørsanlegget held nøktern standard i utforming og material- bruk. Parkanlegget kring den opphavlege bygningen er stort sett teke vare på, men det er gjort tilpassingar i overgangen mellom nytt og gammalt.
Inngangspartiet ved den opphavleg bygningen er med vilje ”tona ned”, slik at den nye hovudinngangen til bygningen blir tydelegare markert. Ved den nye hovudinngangen er det laga ein liten plass med skiferdekke (plass 1), avgrensa av ein markert brystningsmur mot tilkomstvegen.
Gangvegsambandet langs tilkomstvegen er ført forbi inngangs- partiet, og bygningen blir såleis ein del av gatemiljøet. På grunn av stort stigningshøve frå hovudetasje ned langs fasaden mot vest, har gangvegen fått ei stigning på 1:15. På austsida langs bygningen er gangarealet utan særleg stigning. Det ligg føre reguleringsplan for området som føreset at den opphavlege tilkomstvegen blir flytta nokre meter lenger sør. Denne vegløysinga kan gje meir plass framfor hovudinngangen, og det kan bli lagt fortau med slakare stigning langs vegen.
>> til toppen
Det er området på vestsida av nybygget som høver best til opp- haldsareal med omsyn til både sollys og funksjonar i bygningen. Plass 2 er direkte tilknytt kantine/bibliotek i hovudetasjen og skal fungere som viktig opphaldsstad ute for studentane. Plassen utgjer ein utkraga del av bygningskroppen og ligg over transportinngangen og området for varelevering. For å skjerme plassen visuelt mot dette området er det laga ei brei plantekasse langs kanten av plassen.
Som overgang mellom plass 2 og opphavleg terreng i vest er ter- renget bygt opp, og det er bygt eit amfi som overgang. Amfiet knyter saman plass 2 og plass 5, som ligg i nivå med underetasjen (inngang til studentkro). Frå amfiet er det utsyn mot elvesletta og elva, og området er vestvendt og solrikt. Rullestoltilgang til plass 2 går gjennom bygningen, for dei andre plassane er det tilgang via gangveg rundt bygningen.
Det er bygt to mindre atrium som ikkje fyrst og fremst er meint som opphaldsstader, men som kan tene som blikkfang frå sentrale deler av bygget. Atria har enkel utforming, med skiftevis rullestein/ elve- grus og plantning.
Plantning
Det er planta tre som skjerm i rabattar på parkeringsplassen og som allé langs eksisterande tilkomstveg. Dessutan er det planta
ein del tre i anlegget for å skape godt miljø. Det er stort sett nytta stadeigne treslag som høyrer heime i området, eller variantar som
er tilpassa krava veksestaden set. Plantning elles er lagt til buskfelt
i og ved opphaldsplassar og atrium. Ved planteval er det lagt vekt på toleevne og variasjon. I kombinasjon med plantning er det nytta rullestein og elvegrus. Elvegrus/singel er òg brukt i overgangar mot fasaden.
>> til toppen
Kunstnarleg utsmykking
Utsmykkingsfondet for offentleg bygg har hatt ansvar for kunsten i bygget og har sett ned eit utsmykkingsutval for prosjektet. I utvalet har det sete brukar representantar, byggherre og arkitekt, og det har vore leidd av ein kunstnarleg konsulent oppnemnd av Utsmyk- kingsfondet for offentleg bygg. Budsjettet til utsmykkingsutvalet var på 676.500 kr.
Ved Høgskulen i Sogn og Fjordane i Førde blir Avdeling for helse- fag og ingeniørutdanninga samlokaliserte i nye lokale. Nybygget er organisert kring ei etter måten brei ”gate” som i den eine enden er knytt saman med den gamle bygningen og i hin enden vidar seg ut
til eit kantineområde. Utsmykkingsutvalet tykte det fall naturleg å bruke dette området som hovudskodeplass for kunsten. I val av kunst la utvalet vekt på estetiske tema knytte til utdanningane og den arkitektoniske karakteren til bygningen.
>> til toppen
Kontrasten mellom dei to utdanningane – dei mjuke omsorgsfaga og den harde tekniske utdanninga – er stor, og utsmykkingsutvalet såg dette som eit interessant utgangspunkt for den kunstnarlege tilnærminga. Resultatet vart ein lysinstallasjon med eit litt ”høgtekno- logisk” uttrykk i kontrast til enkle og nakne teikningar rett på vegg. Svein Rønning (1953) står bak lysinstallasjonen, medan Ingri Egeberg (1951) har laga teikningane. Begge oppdraga vart ferdig- stilte 18. oktober 2005.
Lysinstallasjonen til Svein Rønning har tittelen ”Colour Field”. På ein stor betongvegg sentralt i vrimlearealet har han plassert to store, lysande skiver i sandblåse glas montert i kraftige rammer av olja eik. I linespelet på dei sandblåsne flatene kan ein ane kunstnaren
si hand. Dette gjev verket eit ekstra vart preg og skaper fleire dimensjonar i uttrykket. Bak glasflatene er det lagt LED-lys som
er programmerte slik at skivene sakte skifter farge og karakter – tilfeldig og uavhengig av kvarandre – i ei poetisk utforsking av lys og fargenyansar.
>> til toppen
Ingri Egeberg er biletkunstnar og forfattar, og arbeider mykje med teikning. Dei forenkla figurasjonane hennar er måla rett på veggen fire stader i bygningen, med hovudarbeidet på veggen i kantina.
Dei stilsikre teikningane kan leie tanken mot urgamle holemåleri, men har likevel eit moderne uttrykk. Titlar som ”Ser men tier”,
”Vi bare sto der”, ”Hun ville så gjerne” og ”Møtes igjen” kan gje assosia- sjonar til forteljingar om menneskelege relasjonar. Det diskré nærværet gjer at teikningane vil tole visuell slitasje og verke forfriskande i lang tid framover.
Utvalet har i tillegg kjøpt inn to verk, eit av Torhild Berg (1960), som arbeider med motiv frå ei tradisjonell kvinneverd og kitsch- kulturen, og eit av Petter Hepsø (1973), som ofte arbeider med dyremotiv i bronse. Av Hepsø har utvalet kjøpt ein kenguru som strålar ut ro og inderlegheit. Av Berg har utvalet kjøpt ein hjarte- forma skulptur kledd med mosaikk og ein påmontert nipsfigur i porselen. Det sukkersøte tablået blir knust av teksten på mosaik- ken: ”Fucking daydreams”.
>> til toppen
|