|
Historikk
Vegen fram til eit felles høgskulebygg i Førde har vore lang. Det var heller ikkje tenkt noko felles bygg frå starten av. Sogn og Fjordane sjukepleiarhøgskule vart grunnlagd i 1979 og fekk nye bygningar
på Vie med kort avstand til sentralsjukehuset. Sogn og Fjordane ingeniørhøgskule vart grunnlagd i 1988 og flytta i 1990 inn i Concord-bygningen, som vart bygd på Øyrane vest for Førde sentrum. Begge desse høgskuleutdanningane vart etablerte som sjølvstendige høgskular i samsvar med tradisjonell organisasjons- struktur.
I byrjinga av 1990-åra førde den sterke veksten i høgre utdanning til at lokala for sjukepleiarutdanninga vart for små. Ein måtte difor
ut på den private leigemarknaden. Fyrst leigde Sogn og Fjordane sjukepleiarhøgskule Haavetun, ein staseleg folkehøgskulebygning i tre. Den vart òg for liten. Neste steg vart så ei brakkeløysing vegg
i vegg med høgskulebygningen på Vie.
For ingeniørutdanninga var utviklinga motsett. Søknaden til studiet vart mindre enn venta, og romkapasiteten på Concord vart dermed stor.
>> til toppen
I 1992 vart det avgjort at det skulle etablerast éin høgskule i Sogn og Fjordane, og at ingeniørhøgskulen og sjukepleiarhøgskulen skulle bli eigne avdelingar i den fusjonerte høgskulen. Denne pro- sessen førde òg til at samlokalisering av høgskulane i Førde kom
på saklista. På møte i det regionale høgskulestyret for Sogn og Fjordane 28. oktober 1993 vart det sett ned ei nemnd som skulle sjå på ulike modellar for samlokalisering av høgskuleutdanningane
i Førde.
Nemnda leverte tilrådinga si 2. november 1994 og tilrådde sam- lokalisering på Vie med utgangspunkt i bygget til sjukepleiarutdan- ninga. Styret for den nye høgskulen slutta seg til denne tilrådinga i møte 2. mai 1995.
Det viste seg snart at det var knytt ulike interesser til den aktuelle høgskuletomta. Sogn og Fjordane fylkeskommune ynskte å nytte tomta til helseføremål og var alt i ferd med å kjøpe henne. Etter noko att og fram vart resultatet eit godt kompromiss der høgskulen skulle leggje opp til ei kompakt utbygging. Vidare skulle fylkes- kommunen justere si utbygging slik at høgskulen fekk stort nok areal.
>> til toppen
Det vart ein komplisert prosess fram til byggjestart på den bygnin- gen som no er reist. Høgskulen starta i 1995 ein strukturdiskusjon der ei aktuell problemstilling var nedlegging av ingeniørutdanninga
i Førde. Sidan det i tillegg er vanskeleg å få løyvingar frå sentralt hald til nybygg, var det ikkje lett for Høgskulen i Sogn og Fjordane (HSF) å få klarsignal til å starte utbygginga.
Våren 1998 avgjorde dåverande statsråd Jon Lilletun at ingeniørut- danninga skulle halde fram sjølv om høgskulestyret hadde vedteke nedlegging. Han gav òg klarsignal til å reise ein ny felles bygning dersom det lét seg gjere innanfor den gjeldande husleigeramma.
Det synte seg snart at ein felles bygning ikkje kunne realiserast av Statsbygg innanfor godkjende økonomiske rammer.
Styret i HSF vedtok då å lyse ut på tilbod leige av eit nytt samla høgskuleanlegg. HSF fekk tre tilbod, men styret tykte ingen av dei var gode nok, og stansa det vidare arbeidet med tilboda. Dette skjedde på styremøte 26. august 1999.
>> til toppen
Ein av tilbydarane gjekk til sak fordi han meinte styrevedtaket
ikkje var sakleg. Dette gjorde at det drygde endå lenger ut med byggjesaka, og fyrst i 2001, då høgskulen hadde vunne fleire rundar i rettsapparatet, gav det dåverande Kyrkje-, utdannings-
og forskingsdepartementet (KUF) klarsignal til å byggje ut.
Det fyrste klarsignalet delte utbygginga opp i to byggjesteg, fyrst
for Avdeling for helsefag og dinest for Avdeling for ingeniørutdan- ning. Statsbygg meinte dette var lite rasjonelt. Til slutt (brev frå KUF dagsett 30. november 2001) vart det vedteke éi samla utbygging, med 1. august 2005 som dato for ferdigstilling av ny bygning.
Styret hadde òg vedteke at Statsbygg skulle vere byggherre for utbygginga, og at det heile skulle samlokaliserast med den eksiste- rande høgskulebygningen på Vie. Som denne gjennomgangen viser, har det vore ein lang prosess med mykje uvisse fram til Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet seinhaustes 2001 gav klar- signal til å reise den bygningen som no skal innviast. Dess meir gledeleg er det at resultatet er vorte godt, med ein tenleg bygning som samlar all høgskuleaktivitet i Førde, slik målet var då proses- sen med samlokalisering starta i 1993.
Høgskulen i Sogn og Fjordane
>> til toppen
|