Arbeidsgivar med eit samfunnsansvar

Eg hadde to klare mål då eg bestemte meg for å gjere ei endring i jobbsituasjonen min. Eg ønskte å vere ein del av ei verksemd som skapte noko konkret, og eg ønskte at den nye arbeidsgivaren min skulle ha eit formål utover det kommersielle ved å ta eit tydeleg samfunnsansvar. 

Frå privat til offentleg

I Statsbygg har eg ansvaret for alle rekneskapsprosessar som fører til framlegging av rekneskapen til Statsbygg. Med eit årleg investeringsvolum på tre milliardar kroner og ei omsetjing på 3,6 milliardar kroner blir det sett store krav til god økonomistyring og gode styringssystem. Det skjer no mykje spennande i offentleg sektor knytt til rekneskapsrapportering og styring. Statsbygg er i gang med å implementere nye statlege rekneskapsstandardar. Det å få vere med å påverke korleis rapportering skal skje, er fagleg utfordrande og veldig spennande. I tillegg deltek eg i leiargruppa til økonomi- og administrasjonsdirektøren og får på den måten eit unikt innblikk i verksemda til Statsbygg. For meg har det berre vore ei positiv erfaring å gå frå privat til offentleg sektor.

Forventninger til meg som leiar

Som rekneskapssjef har eg gjennomført Statsbyggs leiarkurs. Her fekk eg møte alle direktørane i toppleiinga, og eg fekk eit godt innblikk i kva som er forventa av meg som leiar. I tillegg til god innføring i leiarprinsipp og leiarverktøy var det interessant å møte andre leiarar i Statsbygg. Som ny leiar er det viktig å byggje eit godt nettverk i heile organisasjonen. Det eg set mest pris på ved å jobbe i Statsbygg, er nettopp moglegheita for å jobbe på tvers av avdelingar og fagfelt.

Etikk og samfunnsansvar

Statsbygg er ein inkluderande arbeidsgivar med plass for medarbeidarar med ulik bakgrunn og erfaring. Vi som jobbar her, tek vare på samfunnsansvaret som Statsbygg har. I mitt tilfelle gjeld det mellom anna å bidra til at Statsbygg nyttar seriøse leverandørar i prosjekta våre. Vi er ein betydeleg innkjøpar av tenester og varer og forvaltar store verdiar for staten. Det er stor merksemd rundt grå økonomi, og vi må gjere vårt for å sikre at useriøse aktørar ikkje får oppdrag.

Fakta

Namn: Siri Helen Reidulff
Stilling: rekneskapssjef
Tilsett sidan: 2009
Bakgrunn: statsautorisert revisor
Favorittstatsbygg: Bergenhus

×