Masteroppgåva ga jobb

Publisert 16.03.2018

Anne Fuglesang skreiv si masteroppgåve om digitalisering innan bygg og eigedom. Dette har gitt bakgrunn for å delta i arbeidet med Digibygg-satsinga hos Statsbygg.

- Eg har sett kor viktig det er å kunne formidle eit bodskap om digitalisering, både internt og eksternt, først då får ein merksemd om temaet i bygg- og eigedomsnæringa.

Anne har vore tilsett i Statsbygg sidan hausten 2017 og har allereie fått bli med på mykje nytt og spennande. Ein variert arbeidsdag i Statsbygg gjer at ho arbeider blant anna opp mot leverandørar og aktørar som arbeider med ulike digitale verktøy, teknologiar og digitalisering i bransjen.

- Det er veldig spennande å få innsikt i kva som finnast av digitale verktøy og metodar ute i marknaden.

Ho følgjer også opp testprosjekt som Digibygg-avdelinga gjennomfører i Statsbyggs byggeprosjekt og ute på eigedommane.

Flinke folk

Læringskurva i Statsbygg so langt har vore bratt.

- Noko som eg lærer mykje av er å snakke med leverandørar av teknologi om kva utfordringar dei møter og som må løysast.

Anne meiner det er viktig å følgje med på utviklinga i marknaden. Teknologisk utvikling skjer raskt og det er derfor viktig å forstå utviklinga for å kunne forstå og ta i bruk nyvinningane.

Arbeider breiare innanfor digitalisering

Noko som har gjort arbeidet i Digibygg-satsinga so relevant for Anne er at det har klare koplingar opp mot masteren ho skreiv.

- Eg skreiv om BIM, eller Bygningsinformasjonsmodellar, med fokus på bruksfasen. Altso korleis digitale modellar kan brukast i eigedomsbransjen, for eksempel ved å vise ein 3D-modell av eit eksisterande bygg som eigedomsavdelinga forvaltar, driftar og held ved like.

Sjølv om Anne no arbeider på eit breiare plan innanfor digitalisering, ser ho klart at ho drar nytte av kunnskapen og innsikta ho skaffa seg under arbeidet med masteroppgåva, i sitt daglege arbeid.

Brei kompetanse

Anne meiner at tverrfagleg og brei fagsamansetting i mastergrada har vore til hjelp i arbeidslivet.

- Eg har gjennom utdanninga fått erfaring innanfor blant anna eigedomsutvikling og -forvaltning, økonomi, arkitektur og prosjektleiing.

Unik posisjon

Statsbygg er i ein unik posisjon i bygge- og eigedomsnæringa. Statsbygg har ein pådrivar-rolle i næringa og kan bidra til å forme morgondagens næring. I Digibygg-prosjektet ser vi at andre aktørar i marknaden arbeider for mykje av det same som vi gjer. Det er positivt og motiverande å sjå at fleire trekker i same retning.

- Eg meiner at Statsbygg bidrar til digitalisering og utvikling i næringa. Den kompetansen og kunnskapen som er i verksemda er og blir sentral framover med tanke på den raske utviklinga som pågår – med stadig ny teknologi, digitalisering og effektivisering. Med Digibygg-satsinga har eg sjansen til å påverke framtidas byggenæring.

×