Nyutdanna med mykje ansvar

Publisert 06.04.2018

Hedvig Skappel var ferdigutdanna i 2017. Det ho likar best ved Statsbygg er at ho har fått mykje ansvar allereie.

Hedvig arbeider med det nye nasjonalmuseet i Oslo, som skal opne i 2020. Ho er assisterande prosjektleiar for kvalitet- og usikkerheitsstyring som følgjer opp kvalitetsplanar, samt utviklar og held ved like prosjektets kvalitetssystem.

Tidleg leiaransvar

Hedvig fekk tidleg leiaransvar i Statsbygg. Ho leiar det månadlege arbeidet med å gå gjennom usikkerheiter i kontraktane for Statsbygg i prosjektet nytt nasjonalmuseum. Dette kan være alt frå framdrift til utføring på byggjeplass.

Ho arbeider også mykje rundt kvalitet og usikkerheit i byggeprosjekt.

-          Det er viktig å identifisere usikkerheiter. Tiltak må gjennomførast for å sikre kvalitet og styre prosjektet mot suksess. For å oppnå dette må nøkkelpersonar samarbeide bra.

Styrka kompetanse

Hedvig har lært mykje gjennom tida si i Statsbygg. Ho har fått mykje kunnskap, spesielt når det kjem til kontraktskrav.

-          Eg har også fått styrka kompetansen min, spesielt kompetansen til å legge til rette for og leie gruppeprosessar.

Ho drar også fram moglegheitene Prosjektakademiet til Statsbygg har gitt ho. Prosjektakademiet er eit program for dei som ønskjer å utvikle sine ferdigheiter innanfor leiing av prosjekt.

-          Eg har vore på fleire kurs gjennom akademiet som har gitt meg betre innsikt og kunnskap om prosjektstyring og leiing.

God breiekunnskap

Hedvig tok ei mastergrad innanfor industriell økonomi ved NMBU, Norges miljø- og biovitenskaplige universitet. Ho meiner dette har gitt ho kunnskap innanfor felt som teknologi, økonomi og leiing.

-          Eg meiner det er ein klar fordel å ha brei kompetanse når eg arbeider med prosjekt som bygginga av det nye nasjonalmuseet.

Relevant erfaring

For å ha større sjanse til å få jobb, meiner Hedvig det er viktig å skrive ein tydeleg og presis søknad og CV der eventuell relevant erfaring kjem godt fram.                  

-          Bruk også karrieresenteret ved skulen for alt det er verdt.

×