Planleggjar unikt prosjekt i Noreg

Publisert 03.05.2018

Kristin Mo Ravik er med å planleggje eit nytt utstillingsveksthus på Tøyen, sentralt i Oslo. Dette byggeprosjektet er unikt i Noreg.

-          Difor besøke vi Kew Gardens i London, The Eden Project i England og Masoala-regnskogen i Zürich Zoo for å sjå korleis andre hadde løyst liknande oppgåver. Alt frå kva tekniske løysingar som blir brukt til korleis dei ulike stadane formar utstillingane og formidlar sitt bodskap, har blitt diskutert i ettertid. Dette var ei fantastisk erfaring som ga mykje inspirasjon.

Kunstkoordinator

Som assisterande prosjektleiar har Kristin mange oppgåver, alt frå framdrift og kontraktstyring til budsjett- og miljøoppfølging.

-          I tillegg til å være assisterande prosjektleiar, fekk eg også nyleg rolla som kunstkoordinator, noko eg vart veldig glad for.

Opplever mykje gjennom jobben

Å hente inspirasjon og lære av andre prosjekter har vore viktig for Kristin. I løpet av det halvanna året ho har vore i Statsbygg har ho fått besøke byggeplassen til det nye fakultetsbygget for Universitetet i  Tromsø. I Bergen lærte ho mye gjennom å sjå korleis  nybygget for kunst, musikk og design ved Universitetet i Bergen vert bygga.

-          Sjølv om eg arbeidar med fasen i eit byggeprosjekt som er før sjølve bygginga, har eg opparbeida meg erfaring om dei andre fasane gjennom å besøke desse prosjekta.

Som tatt ut av læreboka

Kristin har lært mykje gjennom å være prosjektleiar, både når det gjeld utfordringar og gleder ved å ha den rolla. Kristin meiner også det er viktig å lære korleis prosessane køyrast i prosjektet og i Statsbygg.

-          Eg lærar mykje utanom faget mitt, for eksempel ein del om plantar og tropiske vekstar gjennom veksthusprosjektet.

Kristin tykkjer det er morosamt at so mykje ho lærte i studietida blir brukt i arbeidskvardagen.  Ho har hatt nytte av ulike fag, som BIM og bygningsfysikk, i arbeidet.

-          Noko av det eg har fått vore med på er som tatt ut av læreboka. Det likar eg, fordi det synar at det eg lærde på skulen er relevant for den jobben eg gjer i dag.

Oppfordrar til å søke

Kristin oppfordrar til å søke jobb i Statsbygg. Ho meiner verksemda har eit særs bra arbeidsmiljø og ein kan lære mykje av kollegaene.

I Statsbygg får eg arbeide tverrfagleg med veldig spennande og unike prosjekt. Det er akkurat slik eg vil ha det!

×