Regjeringskvartalet er eit høgdepunkt

Publisert 07.03.2018

Martin Øhman har lenge ønskja å bli ein del av fellesskapet i Statsbygg. Han var so klar på at det var hit han ville at han søkte seg både til ein plass i Summer Internship-ordninga til Statsbygg og til fast jobb etter avslutte utdanning.

- Ein kan seie det slik at eg la alle egga i ei korg.

Martin fekk ønsket sitt oppfylt i 2016, då han fekk fast jobb i Statsbygg.

Regjeringskvartalet er høgdepunktet

Martin har vore innom fleire prosjekt sidan han starta i Statsbygg. Han drar fram arbeidet med det nye regjeringskvartalet som eit høgdepunkt.

- Spesielt etter den tragiske hendinga 22. juli 2011 kjenner eg meg audmjuk som får moglegheita til å arbeide med dette prosjektet.

Martin ser arbeidet med det nye regjeringskvartalet som meir enn berre bygging av kontorarbeidsplassar for dei tilsette i departementet. Det er ei vidarefortelling om Noreg som nasjon.

Varierte oppgåver

Ein vanleg dag for Martin består av varierte arbeidsoppgåver, sjølv om han for tida arbeider mykje med det nye regjeringskvartalet. Martin er tilsett i Fagleg ressurssenter i Statsbygg, der han arbeider med økonomi og analyse.

- Det er vi som er fagansvarlege for blant anna kostnadsberekningar og usikkerheitsanalyser for Statsbygg sine prosjekt.

Martin sine arbeidsoppgåver inkluderer også rådgjevingsoppdrag for Statsbyggs rådgjevingsfunksjon, samt utviklingsoppgåver, for eksempel å greie ut korleis Statsbyggs verksemd kan forbetre seg. Eit eksempel på dette er prosjektet «Statens lokaler».

- Vi kartlegg og utarbeider ei oversikt over alle eigde og leigde eigedomar i staten. Dette er noko som aldri har blitt gjort før, og gir moglegheiter for å analysere og utarbeide nye strategiar for eigedomsporteføljen på ein heilt anna måte enn tidlegare.

Styret i LCC-forum

Martin er Statsbyggs styrerepresentant i LCC-forum. Forumet er ein nasjonal møteplass for heile verdikjeden i BAE-næringa, og har som mål å auke kompetansen om livssykluskostnadar. Det betyr kostnaden som er knytt til byggets levetid.

- I LCC-forum arrangerer vi kurs, frukostseminar og held presentasjonar ved ulike anledningar. I tillegg publiserer vi nyhende, bestpractice og informerer via vår nettside.

Metode bygd på teori

Mens Martin var student hadde han som alle studentar ein del tankar rundt arbeidslivet. Ein av desse tankane var at det han satt og las berre var høgtsvevande teori som han ikkje kom til å bruke so ofte i det daglege arbeidet.

- Det blei raskt tydeleg at for å kunne gjere ein god jobb, må metoden og arbeidet ein gjer være forankra i solid teori. Dei gode metodane er bygd på teoriar eg lærte under studiet og det har vore til hjelp i arbeidet eg utfører.

Arbeider i lag

Lærdommane har stått i kø sidan Martin starta i Statsbygg. Han drar spesielt fram eit inntrykk han hadde frå studietida som han no veit ikkje stemmer. I Statsbygg samarbeider ein mykje meir enn han trudde.

- Når eg jobbar med «Statens lokaler», som eigentleg er eit IT-prosjekt, samarbeiderar eg med personar frå økonomi, eigedomsforvaltning, jus, arealfagleg og IT.

Oppfordrar til å søkje

Martin oppfordrar alle til å søkje i Statsbygg. Han kan fortelje at du kjem til å oppleve å tidleg få stort ansvar når det kjem til ulike prosjekt og i arbeidet generelt. Ein får samtidig god oppfølging på arbeidet ein gjer. Martin drar også fram to bonusar ein får når ein arbeider i Statsbygg.

- Ein får for det første moglegheita for å arbeide med heilt unike prosjekt, som prosjektet med å bygge det nye regjeringskvartalet. For det andre er ein so heldig at ein får moglegheita for å arbeide med nokon som ligg heilt på topp i sitt fagfelt og dette gjer meg betre i mitt arbeid.

×