Eksotiske Longyearbyen

Publisert 03.05.2018

Rebecca Saxe Moldekleiv arbeider som assisterande prosjektleiar i Statsbygg. Gjennom jobben får ho moglegheita til å reise over land og strand for å arbeide med prosjekt.

Rebecca er no blant anna inne i prosjektet om å byggje nye bustadar på Svalbard, noko som har gjort at ho får moglegheiter for å reise opp til eksotiske Longyearbyen. -Eg reiser ofte i forbindelse med jobb og tykkjer det er veldig kjekt å kunne ha denne moglegheita.

Rebecca er også tilknytt andre prosjekt i Statsbygg. Der har ho arbeida mykje med å lage konkurransegrunnlaget. Det vil seie å utarbeide krav til kompetanse og erfaring hos tilbydarane, og utforminga av sjølve bygget.

- Bygginga startar snart. Då ventar det fleire varierte arbeidsoppgåver på meg.

Utruleg givande

Eit av høgdepunkta for Rebecca i Statsbygg so langt har vore moglegheita til å lære av alle dei flinke fagfolka ho arbeider med. - Eg arbeider med so mange kloke hovud at eg alltid har nokon eg kan spørje om råd og hjelp.

Komplekse prosjekt

Rebecca lærte tidleg at Statsbygg sine byggeprosjekt er komplekse. - Eg blir stadig overraska over kor mange trådar ein skal halde i og ha kontroll over når ein er prosjektleiar.

Ho meiner det er eit utruleg spennande og tidvis krevjande yrke som utfordrar ho på mange områder.

Knaggar

Rebecca meiner ein ikkje vert skikkeleg forberedt på arbeidslivet under studietida. Men, ein får nyttige knaggar å henge kunnskapen på. - I studietida lærte eg det grunnleggjande. No, i arbeidslivet, er det mi oppgåve å byggje vidare på dette.

Fot innafor

Rebecca fekk plass i Statsbygg sitt summer intern-program. Ho vil anbefale folk å søkje seg til denne ordninga. Då lærer du mykje og vert kjend med Statsbygg som mogleg framtidig arbeidsplass.- Det gjer det også litt lettare å søkje seg til Statsbygg når ein er ferdigutdanna.

×