"Statsarket" på plass framfor Statsarkivet

Publisert 16.10.2012

Sist veke tok Statsarkivet i Bergen over to utandørs skulpturar laga av kunstnaren Tor Børresen. Den eine er eit forstørra A4-ark i kvitlakkert aluminium. Arket er krølla og kan òg fungere som eit sitjemøbel ute på plassen. Det andre verket, “Skulptur frå arkivet”, er ein utbøygd binders av stål i stort format.

Statsbygg er i ferd med å avslutte det spennande arbeidet med rehabilitering og nybygg for Statsarkivet i Bergen. Den offisielle opninga blir i desember, men allereie no kan publikum glede seg over endringane. Fasadane på det gamle bygget er pussa opp, og uteområdet i ferd med å ta form.

Sist veke tok prosjektet over dei to nemnde utandørs skulpturane laga av kunstnaren Tor Børresen. Den eine, som står plassert ved hovudinngangen, er eit forstørra A4-ark i kvitlakkert aluminium. Arket er krølla og kan òg fungere som eit sitjemøbel ute på plassen. Det andre verket, “Skulptur frå arkivet”, er ein utbøygd binders i stål. Han står i bakhagen til arkivet og skal etter kvart få ein patina som er eit arkiv verdig. Det vil òg bli kunstnarisk utsmykking inne, men dette er ikkje komme på plass enno.

Det har vore eit todelt prosjekt der første delen var å byggje nytt magasinbygg under bakkenivå og eit tilbygg med mottakssone, konserveringsavdeling og kontor. Magasinet går to etasjar ned under jorda og har tørr tilkomst til eksisterande bygg. Både tilbygg og magasin er allereie ferdigstilte og tekne i bruk.

Fase to har vore rehabilitering og ombygging av eksisterande bygg. Det er laga ny hovudinngang som blir tilrettelagd for alle, og nye publikumsareal. Kontor og fellesfunksjonar for dei tilsette er blitt renoverte og til dels tilbakeførte til slik dei var då Statsarkivet stod ferdig i starten av 1920-åra. Det rehabiliterte/ombygde arealet er på 2700 kvadratmeter, og tilbygget er på vel 3300 kvadratmeter.

Den totale kostnadsramma er på 206 millionar. Kunstprosjektet har ei kostnadsramme på 1,3 millionar kroner.

Les om kunsten på nettsidene til KORO.

×