Statsbygg sluttar med oljefyring

Publisert 16.05.2014

Regjeringa har bestemt at fossil oljefyring som grunnlast skal fasast ut av alle statlege bygg innan 2018. Statsbygg går føre og fasar ut innan utgangen av 2016.

Som oppfølging av eigen miljøstrategi har Statsbygg dei siste åra valt ei grønare linje enn oljefyring i bygga sine.

– Det finst mange gode alternativ til oljefyring, og Statsbygg har planlagt godt. Derfor kan vi gjennomføre dette raskare enn føresett i klimaforliket. Utfasinga vil redusere klimagassutsleppa frå eigedommane til Statsbygg. I tillegg håper eg andre byggeigarar vil sjå på kva Statsbygg gjer, og sjølv fase ut oljefyring i sine bygg, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Statsbygg er allereie godt i gang med å byte ut gamle oljefyrar som bruker fossilt brensel som grunnlast.

– Sidan 2012 har ei rekkje oljeanlegg blitt fasa ut, og no står det att 28 anlegg med fossil oljefyring som grunnlast. Dei skal vi greie å få bytt ut innan 2016, seier eigedomsdirektør Frode Meinich i Statsbygg.

Med grunnlast er det meint at anlegget er primærkjelde for varme- og effektbehov. Statsbygg har òg oljeanlegg som berre er i bruk som ein reserve viss det er svikt i den primære energiforsyninga, og som anlegg som berre blir brukte ved toppar i energibehovet. Desse oljefyrane er ikkje ein del av utfasinga i denne omgangen, men vil bli vurderte kontinuerleg framover.

Ifølgje klimaforliket skal fossil oljefyring til grunnlast fasast ut av alle statlege bygg innan 2018. Innan 2020 må private byggeigarar òg finne alternativ til oljefyring. Då skal det innførast forbod mot fyring med fossil olje i private hushald og til grunnlast i bygg elles.

Sjå pressemelding frå Klima- og miljødepartementet.

Kontakt

×