24 byggjeprosjekter ferdigstilte i 2014

Publisert 16.03.2015

Statsbygg ferdigstilte 24 byggjeprosjekt i fjor, noko som går fram av årsrapporten for 2014. To av desse var store og viktige rehabiliteringsprosjekt – Eidsvollsbygningen og sentrumsbygningane ved Universitetet i Oslo. Det største nybygget var Høgskolen i Bergen.

Med ein prislapp på 2,1 milliardar, som var under dei budsjetterte rammene, blei Høgskolen i Bergen opna i september.

– Vi gjennomfører så godt som alle byggjeprosjekta våre innanfor avtalte tids- og kostnadsrammer. Høgskolen i Bergen blei ferdigstilt 450 millionar kroner under kostnadsramma. Det er veldig bra, seier administrerande direktør Harald Nikolaisen i Statsbygg.

Høgskolen har no endeleg fått samlokalisert dei tre avdelingane sine og held til på ei tidlegare NSB-tomt på Kronstad, 3,4 km sør for Bergen sentrum. Med 51 000 kvadratmeter er Høgskolen i Bergen den største eigedommen av alle i porteføljen til Statsbygg.

Topplasseringa på lista til Statsbygg vil derimot ikkje vare så lenge. Statsbygg er i gang med å planleggje eller byggje fleire gigantprosjekt. Høgskolen i Bergen vil etter kvart bli utfordra av Nasjonalmuseet, Campus Ås, Livsvitenskapsbygget ved Universitetet i Oslo og det nye regjeringskvartalet.

Av andre ferdigstilte nybygg i 2014 kan Teknologibygget ved Universitetet i Tromsø, Svolvær politistasjon og Norsk reiselivsmuseum i Balestrand nemnast.

Eidsvollsbygningen var ferdigrestaurert til grunnlovsjubileet og har no fått fortent verdigheit. Av andre rehabiliteringsprosjekt kan sentrumsbygningane ved Universitetet i Oslo og Statens æresbustad, Grotten, i Oslo nemnast.

– Dei ferdigstilte prosjekta for 2014 og dei prosjekta vi jobbar med, fortel at vi har byggherreansvaret for store og komplekse prestisjeprosjekt. Dette er spennande og morosame utfordringar for oss i Statsbygg og for leverandørane våre. Alle byggjeprosjekta til Statsbygg er sjølvsagt ikkje i milliardklassen. Det seier seg sjølv at når vi heile tida har rundt 130 byggjeprosjekt på gang, vil dei variere i størrelse og kompleksitet, avsluttar Nikolaisen.

Årsrapport 2014

Meir om byggjeprosjekt, eigedomar og andre nøkkeltall finn du på sida Statsbygg i 2014 der du òg kan laste ned og lese Statsbygg sin årsrapport til departementet.

Kontaktpersonar

×