Ope for førsteinntrykk

Publisert 20.10.2015

I denne utgåva av Åpent rom ønsker vi bokstavleg talt velkommen inn. Tema er Inngangspartiet – det første som møter publikum på veg inn i ein bygning. Korleis signaliserer inngangspartiet kva slags bygg ein er på veg inn i, og korleis er det med på å prege inntrykket som dei besøkande eller forbipasserande sit igjen med?

Inngangspartia signaliserer ikkje berre kva slags type bygning ein kjem inn i, dei seier òg noko om kva tidsepoke bygget er frå.

– Fram til 1960/-70-talet blei det brukt store ressursar på inngangspartia til publikumsbygg og offentlege bygg, og ein dyrka gjerne det monumentale med breie trapper og søyler, seier kunsthistorikar Geir Thomas Risåsen. – Demokratiseringa på 1970-talet førte med seg ein likskapstanke som òg påverka arkitekturen. Bygga skulle helst ikkje gjere noko ut av seg, og inngangspartia var ikkje noko unntak.

I Åpent rom kan du lese om både inngangspartia og bygningane bak. Alt frå utdanningsstader og ambassadar til fengsel og tinghus har ulike fasadar for å ønske besøkaande velkommen, og desse har endra seg opp gjennom historia. Tinghuset i Oslo, Halden fengsel og ambassaden i Berlin er mellom bygningane som er presenterte.

I dette nummeret kan du òg lese om Statsbygg sine summer interns, sommarpraktikantar, kva forventningar unge studentar har til ein framtidig arbeidsgivar, og kva Statsbygg gjer for å få tak i dei beste. Du kan òg bli med dit dyra frå Naturhistorisk museum i Bergen oppheld seg mens Statsbygg pussar opp bygningen, finne ut kor langt Statsbygg har komme i planane om felles ambassade med Nederland, om modulfengselsbygging og mykje, mykje meir.

Abonnere?

Du kan abonnere og få bladet gratis i posten.
Send en e-post til postmottak@statsbygg.no.

Kontakt

Les nyaste Åpent rom:

Åpent rom 2015 nr 3
Åpent rom
Les denne og tidlegare utgåver
×