Bergens nye storstove tar form

Publisert 11.12.2015

Det som blir første Snøhetta-bygget i Bergen begynner å ta form. 

Bygginga av den nye Kunst- og designhøgskolen i Bergen har nådd ein viktig milepæl. Torsdag 10. desember var det tid for kranselag, for å feire at råbygget om kort tid står ferdig.

- Gode rammer

- Det nye bygget skal gi gode rammer for dei kreative og nyskapande studentane som skal bidra til den vidare utviklinga nasjonalt- og internasjonalt innan fagfelta kunst og design, seier prosjektsjef Hans Thomas Holm i Statsbygg.

I dag er skolen spreidd på fleire bygg i Bergen, men med det nye bygget skal alle studentane samlast under same tak.

Snøhetta

Den nye Kunst- og designhøgskolen er det første bygget Snøhetta har teikna i Bergen. Arealet er 14.800 kvadratmeter, og kostnadsramma er på 1,086 milliardar kroner.

Studentane flytter inn hausten 2017.

Kontaktpersonar

×