Byggjer i Bodø

Publisert 09.12.2015

Statsbygg er i gong med å reise eit nytt universitetsbygg i Bodø. 

Det som skal bli ein ny bygning på 2.500 kvadratmeter tar no form ved Universitetet i Nordland. Statsbygg har satt i gong første delen av byggjetrinn 6, som skal huse universitetet sin administrasjon. 

Fleksibel utforming

Ei fleksibel utforming gjer at eit av fakulteta óg kan flytte inn, dersom det er ønskeleg ved ei framtidig utviding. No har betongarbeida starta på byggjeplassen. Bygget skal bli eit passivhus, som bruker lite energi til oppvarming samanlikna med vanlege bygg. Det skal blant anna borast seks brønnar i grunnen under huset for å hente opp varme. 

Det er Gnist arkitekter som har teikna bygget, totalentreprenør er Consto AS og byggjeleiing erdet Byggteam Bodø AS som står for.

Samla i Bodø

- Det har vore ein stor fordel for prosjektet at både entreprenørar, arkitekt, rådgivarar og byggjeleiing held til i Bodø, seier prosjektleiar Torgeir Høiem i Statsbygg.

Administrasjonsbygget skal etter planen stå ferdig om vel eit år og har ein total kostnad på 100 millionar kroner.

Kontaktpersonar

×