Det offentlege kan stimulere til grønt skifte

Publisert 17.11.2015

Klimavennleg vekst var tema då NHO inviterte til konferansen Miljøledelse 2015.

- I arbeidet med miljøvennlege løysingar kan det offentlege spele ei tydeleg rolle gjennom å stimulere innovasjonar før dei når massemarknaden, meiner administrerande direktør Harald V. Nikolaisen i Statsbygg.

Klima- og miljøminister Tine Sundtoft innleidde konferansen, følgd av byråd for miljø og samferdsel i Oslo, Lan Marie Nguyen Berg.

- For oss ligg dei grøne moglegheitene i smarte energisystem, digitalisering og miljøkrav i offentlege anskaffingar, sa Nikolaisen. - Som ein offentleg byggherre har vi moglegheit til å ta på oss rolla som "krevjande bestillar", og på den måten påverke marknaden i riktig retning. Grøn innovasjon er i gang for fullt i byggjenæringa, men må stimulerast vidare.

Byggjebransjen er ein del av løysinga

Byggjesektoren står for meir enn 40% av det globale energiforbruket, og meir enn 33% av klimagassutsleppa og avfallet i verda. Men innan 2030 skal Statsbygg levere bygg med null utslepp av klimagassar.

- Det skal vi gjere med hjelp av lokalt produsert, fornybar energi, klimavennlege materiale og bygging i nærleiken av kollektiv transport, sa Nikolaisen. - Dersom Noreg skal nå klimamåla vi strekkjer oss etter, må vi endre måten vi byggjer på.

Kontaktpersonar

×