Dyr i eksil

Publisert 21.08.2015

Statsbygg rehabiliterer Universitetsmuseet i Bergen, og alle utstoppa dyr og dyreskjelett er dermed sende i mellombels eksil.

Utstoppa dyr på veg til eksil har ikkje gått upåakta hen. Fotograf Helge Skodvin har dokumentert eksiltilværet til dyra, og D2 har i dag ein lengre artikkel om saka.

Pungmår på flyttefot

Det er nemleg ikkje dagleg kost at pungmår, krokodillar, papegøyar og andre eksotiske skapningar blir flytte ut av den daglege opphaldsstaden sin mens dei ventar på eit betre tilrettelagt tilvære. Dårleg inneklima var nemleg hovudårsaka til at det eldste museet i Noreg blir pussa opp.

Utstilling

Sjølv om dyra er i eksil, er dei ikkje gløymde. 11. september opnar fotoutstillinga til Skodvin i det som tidlegare var kafeen på museet, og Statsbygg har pussa opp lokala. På sikt skal denne delen av museet rehabiliterast òg, men mens vi ventar på midlar, blir det altså ei fotoutstilling i lokalet.

Kontakt

Geir Barton Torsæter
Prosjektleder
Mob. 95 79 65 35
Send e-post

Last ned og les!

Åpent rom 2013 nr 4
Åpent rom
×