Enova-midlar til oljeutfasing

Publisert 21.04.2015

Oljefyrar skal ut av høgskolar, barneheimar, fengsel og andre statlege bygg. No gir Enova over 1,5 millionar kroner i støtte til arbeidet med å gå over til klimavennleg oppvarming.

Det går føre seg ein nasjonal dugnad for å byte ut oljefyr frå bustader, næringsbygg og offentlege bygg. Fossilt brennstoff fører til store utslepp av klimagassar, og regjeringa har som mål at Noreg skal vere karbonnøytralt innan 2030.

Enova gir støtte til å byte ut oljekjelar med fornybar energi, og no har Statsbygg òg fått midlar til dette. Alle dei 26 statlege bygga som framleis bruker olje som hovudoppvarmingskjelde, skal få klimavennleg oppvarming innan utgangen av 2016. Dette vil koste rundt 40 millionar kroner.

Statsbygg begynte arbeidet med å fase ut oljeanlegg allereie i 2012. Oljefyrane blir bytte ut med varmepumpe, fjernvarme, bioolje eller elkjele. Det vil seie kutt av 2000 tonn CO2, som er det same som 1026 bilar slepper ut i løpet av eit år.

Kontakt

×